Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik (KrF) vil ikkje la seg intervjue om saka, men skriv dette i ein e-post til Bergens Tidende:

«Nokre regjeringsmedlemer, også eg, vart konsultert, og dei andre regjeringsmedlemene vart orientert før avgjerda vart fatta av kommunalministeren.»

Meir enn dette vil Bondevik ikkje ut med.

Høgre-leiar Erna Solberg vil ikkje gå i detalj om kven ho involverte. Ho seier at dei aktuelle «råka» statsrådane vart kontakta.

Vanunu: — Jeg var dypt nede

- Hugsar ikkje

Stortingsrepresentant Jan Petersen (H) som var utanriksminister i Bondevik II-regjeringa, har opplyst til Bergens Tidende at han ikkje kan minnast å ha blitt involvert i denne saka.

Det same seier stortingsrepresentantane Odd Einar Dørum og Lars Sponheim frå Venstre. Dørum var justisminister, Sponheim landbruksminister. Dørum var med i regjeringa sitt tryggingsutval, Sponheim i det viktige underutvalet der partileiarane deltok.

KrF-leiar Dagfinn Høybråten, som også var med i regjeringa, vil ikkje svare på om han var involvert i denne saka.

Dagens BT-leder: Norge og Vanunus fridom

**Les også:

– Ap har svikta Vanunu**

— Hypotetiske spørsmål

— Eg seier ingen ting om intern saksbehandling i regjeringa. KrF var med i regjeringa og er medansvarleg for avgjerdene derfrå. Vi står ved det vi har vore med på.

— Korleis vil KrF stille seg til ein ny søknad frå Vanunu?

  • Eg svarar ikkje på hypotetiske spørsmål, seier Høybråten.

Venstre-leiar Lars Sponheim seier derimot at han meiner det er gode grunnar for å gje Vanunu opphald og asyl i Noreg.

— Venstre har alltid stått for og meint at plaga og forfølgde bør få eit menneskeverdig liv. Vanunu er blitt utsett for trakassering og forfølging. Han har fortalt verda om israelske atomvåpen. Det er ein kunnskap det var viktig å gje verdssamfunnet. Han har vore ein viktig varslar. Difor bør han få opphald i Noreg, seier Sponheim.

**Les også:

Erna Solberg stadfester overprøving av UDI**

**Les også:

Ambassadør punkterer Erna Solbergs argumentasjon**

**Les også:

— Grensesprengande dobbeltmoral**

Bør Norge nå ta imot Vanunu? Diskuter saken her.

SCANPIX
HÅVARD BJELLAND
SCANPIX
RONEN ZVULUN