VIDAR YSTAD

Oslo

Kontoret har i haust konsekvent nytta bokmål i svar på brev frå BT forfatta på nynorsk. Bergens Tidende har i haust korrespondert med statsministerens kontor om fleire saker via elektronisk post.

Svara frå statsministerens kontor frå ekspedisjonssjef og regjeringsråd har konsekvent vore på bokmål. Dette er den øvste administrative leiinga i regjeringsapparatet. Ansvaret fell likevel på statsminister Kjell Magne Bondevik.

Lova heilt klår

— Dette er uhaldbart og let seg ikkje forsvare. Mållåva er heilt klår, seier direktøren i Norsk Språkråd, Sylfest Lomheim, til Bergens Tidende.

Sivilombodsmann Arne Fliflet reagerer slik overfor BT: - Det er viktig at ein svarar i samsvar med dei lover og reglar vi har. Det burde ein ha i blodet. Eg reknar med at statsministerens kontor fylgjer opp etter dette.

Informasjonssjef Øivind Østang ved statsministerens kontor seier til Bergens Tidende at både han og kontoret er fullstendig klar over korleis regelverket er å forstå:

— Vi veit at vi skal svare i den målforma brevskrivaren nyttar. Vi må berre seie oss lei for at det ikkje har skjedd. Prinsippet er heilt klart.

Østang signaliserer at ein ved kontoret kan ha tenkt at elektronisk post ikkje er å rekne som ordinær post og difor ikkje går inn under regelverket for målbruk.

Men sjølv forkastar han ei slik oppfatning.

Same reglar for e-post

Det gjer også generalsekretær Nils E. Øy i Norsk Redaktørforening, medlem av det siste regjeringsoppnemnde offentleglovutvalet.

Til Bergens Tidende seier han:

— Det er ingen tvil om at elektronisk post skal behandlast på same måte som vanleg post. Det er dei same reglane som gjeld. Det er også slege fast i offentlege dokument frå Regjeringa.

Både Sivilombodsmannen og Norsk Språkråd får frå tid til anna klager over at forvaltninga ikkje fylgjer mållova.

— Men eigentleg er det få klager, seier Lomheim, og legg til:

— Det kan anten kome av at praksis jamt over er i samsvar med lova, og at det ikkje er grunn til å klage. Eller det kan kome av at folk har gjeve opp, resignerer og ikkje orkar å klage.