OLAV GARVIK olav.garvik@bt.no Bjørke på Voss

Nils Bjørke (42) er bonde av det sindige slaget. Han veit kva rådgjerder som må til, og han har ikkje mista nattesøvnen i angst for å vakna med munn— og klauvsjuke hjå husdyra.Men føre var-prinsippet er viktigare enn nokon gong, og alle som ferdast i fjøset lyt vera særs nøye med hygienen. Ansvar for 60 dyr Dessutan skal ein vera varsam med å sleppa folk utanom familien inn til dyra. Bønder frå ulike gardar treng heller ikkje plent å treffast i driftsbygningar, etter hans skjøn.- Dette er det minste vi som bønder kan gjera for å unngå den forferdelege sjukdomen, og det er ting som ikkje kostar, seier mjølkebonden som og er leiar i Hordaland Bondelag. Bjørke har om lag 60 dyr som i verste fall kan bli råka.- Det er ei vanskeleg og tung tid for alle som lever av og har ansvar for husdyra akkurat no. Vi kjenner oss usikre, for vi har eit personleg forhold til dyra våre, seier bonden. Importforbod naudsynt Nils Bjørke er var for å nøta opp under hysteri og uturvande otte. Men han er overtydd om at importforbod mot kjøt burde ha vore vedteke alt. - Det er ikkje veterinære grunnar, men politiske avvegingar som har halde styresmaktene frå å stengja grensene. Det er det ingen tvil om, seier han.Sjølv om talsmennene for bøndene jamt ligg i krig med ulike landbruksministrar, vil ikkje Bjørke gje refs til Bjarne Håkon Hanssen i denne omgangen. Han meiner at statsråden har gjort ein bra jobb, og vil ikkje klandra han, sjølv om han er usamd når det gjeld importforbodet. - Om ulukka kjem: Er nedslakting einaste utvegen? Kvifor ikkje heller vaksinera?- Nei, eg er overtydd om at det beste er å slakta. Det ville i lengda vera umogleg å leva med sjuke dyr, seier han. Slakteriet kan bergast? - Kven er dei potensielle smitteberarane, slik du ser det?- Eg er mest redd for at folk skal ta med seg varer hit som ikke er smittefrie, meiner han.Midt i uvissa om sjukdomen er bondeleiaren glad for at det byr seg eit høve til å tenkja nytt når det gjeld kravet om sentralisering og meir og meir effektiv drift i jordbruket.- Det vi no er vitne til er eit varsku som aktualiserer debatten til dømes om slakteristrukturen. Ein må tenkja seg godt om før slakteriet i Granvin får kroken på døra. - Eg er ikkje naiv og trur ikkje at det er nokon veg å gå tilbake til driftsmåten i tidlegare tider. Men kan henda det har noko for seg likevel å halda fast på dei mindre einingane - og at vi unngår dei lange avstandane når dyra skal fraktast? seier Bjørke.