Det er ein månad sidan Bergens Tidende stilte spørsmål til Bondevik om Victor D. Norman under statsministeren sin månadlege pressekonferanse på statsministerens kontor.

I vekene som sidan har gått, har media kome med stadig nye avsløringar om Norman sine handlingar og disposisjonar som statsråd.

Granskar statsråden

Kontrollkomiteen på Stortinget har innleia gransking av delar av pengebruken hans. I dag kjem Kontrollkomiteen, etter alle solemerker, til å stille nye spørsmål. Det gjeld både den såkalla «representasjonen» og flyreisene.

Komiteen skal først vurdere svara som Bondevik gjev på dei spørsmåla komiteen stilte førre tysdag.

Om lag halvparten av spørsmåla Bondevik i går fekk på ein timelang pressekonferanse ved statsministerens kontor, handla om statsråd Norman.

Støttar statsrådar i trøbbel

Bondevik erklærer at han framleis har tillit til Norman som statsråd. Noko anna kan han heller ikkje seie, så lenge Norman er regjeringsmedlem.

Bondevik erklærte at han støttar statsrådar som kjem i trøbbel, eksternt, og ikkje minst internt.

— Det trur eg også Norman føler, la Bondevik til.

Bondevik vil ikkje gradere tilliten sin. Han vil ikkje svare direkte på om Norman si stilling er svekka, men vedgår at det er stilt svært mange spørsmål ved Norman både i Stortinget og frå pressa.

På eitt punkt var Bondevik krystallklar:

— Eg har alltid, både som partileiar og i regjeringsposisjon, meint at det er svært viktig å ha eit godt forhold til fagrørsla.

Dette kan ikkje tolkast som ei ubetinga støtteerklæring til statsråd Norman som har oppnådd å legge seg ut med det som kan krype og gå av fagorganisasjonar.

«Urettmessig utbetaling»

— Om Norman er ei belastning for regjeringa er i første rekke opp til statsministeren og partileiaren i Høgre å vurdere, seier Frp-formann Carl I. Hagen.

— Men det er heilt klart at Norman har svekka autoritet og respekt både i forvaltninga og her i Stortinget.

Hagen meiner Norman urettmessig har fått utbetalt pengar frå staten som han ikkje på noko vis har hatt rett på.

— Slik eg tolkar regelverket, som eg nå har gått grundig igjennom, skulle ei rad av dei rekningane Norman har levert og fått honorert, aldri vore betalt av det offentlege, seier Hagen til BT.

Hagen er forundra over at dette har kunna skje når ein har eit kontrollapparat som har i oppgåve å passe på at det ikkje skjer.

STATSRÅD-STØTTE: Statsminister Kjell Magne Bondevik erklærte i går at han støttar statsrådar som kjem i trøbbel, eksternt, og ikkje minst internt.<br/> FOTO: KNUT FALCH, SCANPIX