Tidlegare var oppfatninga gjerne at viktige granskingar burde leiast av ein dommar i Høgsterett. Ikkje minst har Stortinget ivra sterkt for å nyttiggjere seg Høgsterett. Dommarane var også viljuge til å påta seg slike oppdrag. Men haldninga i Høgsterett er nå heilt endra.

Svært skeptiske

Fire av dagens dommarar i Høgsterett har leia offentlege granskingskommisjonar. Det gjeld justitiarius Tore Schei som granska «Scandinavian Star»-katastrofen, Trond Dolva som leia granskinga av nybygget til Noregs Bank, Gunnar Aasland som granska avlivingsmetodane i selfangsten og Ketil Lund som granska dei hemmelege tenestene.

Dei gjev alle overfor Bergens Tidende uttrykk for at dei i dag er svært skeptiske til at dommarar i Høgsterett skal påta seg slike oppdrag.

Aukande skepsis

— Eg er i aukande grad blitt skeptisk til at dommarar i Høgsterett skal påta seg slike oppgåver. Det er fleire grunnar til det, seier Schei til Bergens Tidende.

— Den viktigaste grunnen er at Høgsterett seinare kan få sider av granskingsprosessen opp som sak. Det vil då kunne hevdast at det er uheldig at saka tidlegare har vore granska av ein dommar ved den same domstolen, seier Schei.

— Andre kan gjere ein slik jobb like godt som ein høgsterettsdommar. Og når det gjeld å finne fram til faktum er andre dommarar meir trena i dette enn dommarar i Høgsterett, seier Schei.

Schei opplyser at det ikkje har kome nokon førespurnad til han eller Høgsterett om nokon av dommarane kan tenkje seg å leie kommisjonen som skal granske Mehamn-ulykka.