April, 1864. Alle vil ha eit glimt av han som er på veg med rutebåten frå Bergen til Oslo. Folk stimlar saman på dei to utstikkarane på kaia i Kristiansand, og ropar i munnen på kvarandre.

— Kar æ han? Kar æ han?

Mannen trår fram, så alle får sjå. Det er den 69 år gamle skarprettaren Samson Isberg, på veg til jobb i Etterstad. To menn er dømde til døden for mord. Avrettinga skal skje 20. april.

— Her er eg. Eg er berre eit alminneleg menneske, seier han og slår på reiseskrinet, der øksa ligg.

— Men denne her følgjer meg.

Etterpå sa folk at mange heldt på å svime av, då han sa desse orda.

Mytar og fakta

Jobben i Etterstad var hans siste, men framleis lever mytane og forteljingane om bøddelen frå Hardanger. Eit nymotens Googlesøk gir nær 11.000 treff.

  • Alt som handlar om liv og død trigger folk, seier Johan Helberg, konservator og dagleg leiar for Norsk rettsmuseum i Trondheim.

Også tidlegare hadde dødsdømde stor fascinasjonskraft. Helberg, som i si tid skreiv hovudfagsoppgåve om skarprettarar, fortel om svermeriske personar som hang rundt dei dødsdømde. Om overspente kvinnemenneske som skreiv brev til Etterstad-mennene. Også kroppsdelar og -væsker frå lik var etterspurte.

— Med ein finger frå ein hengt mann var det ikkje måte på kor godt ølet kunne bli. Blodet skulle vere bra for folk med epilepsi, fortel Helberg.

Sint på faren

I dag er Per Isberg den einaste som bur på garden Isberg, der Samson skarprettar kom frå. Han stadfestar at folk framleis er fascinerte ved tanken på skarprettaren som døydde for over 130 år sidan.

— Den dag i dag spør mange om han var besten min. Men vi finst ikkje i slekt, seier Per Isberg.

Historiene om Samson skarprettar er mange, men ikkje alltid sanne.

— Mykje er berre tull! Mange vil nok gjerne sprite opp forteljingane litt.

Lokale historikarar hevdar at Samson vart fødd på Isberg i ei gammal røykstove frå før svartedauden. Mest sannsynleg er det, forklarar Per Isberg, at Samson flytta til Isberg i åtteårsalderen.

Han var berre fem år, då mora døydde. Tre år seinare gifta faren seg på ny med Ingebjørg frå Isberg, som døydde sju år seinare. Faren fann seg ny kone for tredje gong, men då vart odelsguten sint.

Riks-skarprettar

Samson Isberg vende faren og garden ryggen, reiste til Bergen, utdanna seg til sersjant og vart sidan underinspektør ved Bergen Tukthus.

I 1838 vart han skarprettar for Stavanger og Bergen amt, fire år seinare utnemnt til den første skarprettarar for heile riket. Dei neste 15 åra fall minst 14 menn og ei kvinne frå Nordland i nord til Østfold i sør for øksa hans, alle dømde til døden for mord.

I nær halvparten av sakene tok gjerningsmannen livet av kona si, stundom også barna. Motivet var gjennomgåande ny kjæraste eller ekteskap. Eit anna vanleg motiv var ran, slik tilfellet var for Etterstad-mennene.

Kautokeino-opprøret

Dei mest kjende personane Isberg avretta var leiarane for det samiske Kautokeino-opprøret i november, 1852. Under opptøyane vart lensmannen og handelsmannen piska, og soknepresten drepen. To år seinare vart Aslak Jacobsen Hætta og Mons Aslaksen Somby halshogde i Alta.

Ein harding spurde ein gong Samson Isberg om han tok seg eit glas før han gjekk til eit så «ufyse» arbeid.

— Eg drikk eit glas vatn, og så les eg mitt Fadervår, svarte Samson Isberg.

Både mannen og yrket var omgitt av mytar. Han må ha vore for kjendis å rekne etter dei dagars målestokk. Ein dag i 1864 ser Indre Isberg for fyrste gong mannen han har høyrt så mykje om kome gåande opp frå Torget i Bergen.

— Eg tok han på svipen. Han likna på Isbergfolket, fortalde Indre etterpå.

Middels høg, breiaksla og sterkvaksen. Slik skildra Indre sambygdingen Samson Isberg. Andre brukte ord som godhjarta, folkeleg - og pen.

  • Samson Isberg er ein sympatisk og grei og svært vakker mann, sa presten Christie.

Skifta samtaletema

Samson skarprettar var høgt respektert, men også frykta. Klokkar-Ingebjørg i Ullensvang fortel om eit møte med slektningen Samson Isberg. Dei to tok kvarandre i neven.

— Men då handa mi låg i hans, då skolv ho som eit ospelauv, fortalde Ingebjørg.

Få veker før oppdraget i Etterstad var Samson Isberg blitt enkjemann. Etter at jobben var gjort, bad han om å få sleppe fleire og gjekk av med pensjon.

Ingen av ungane likte å snakke om faren og yrket hans. Sonen Per, som døydde i 1912, skifta alltid tema, dersom faren kom opp i samtalen.

Men kona fortalde at Per ein gong hadde sagt at han ikkje kunne skjøne at faren kunne velje eit slikt yrke.

Ni år etter at Samson Isberg vart pensjonist, døydde han i Bergen.

  • Det blir tungt å møte dei igjen på den andre sida, dei menneska eg har skilt med livet, skal han eingong ha sagt.

KJELDE: «Skarprettaren Samson Isberg» av Halldor O. Opedal, Tidsskriftet Hardanger 2002, Bygdebok for Ullensvang av Olav Kolltveit og Wikipedia.

Bjelland, Håvard
Rune S?vig
Bjelland, H?vard