Kvart år blir det oppdaga 20.000 nye tilfelle av kreft i Norge. Dess tidlegare svulstane blir oppdaga, dess betre er prognosane for å bli frisk igjen.

På Nevrologisk avdeling på Haukeland Universitetssykehus i Bergen har forskarane utvikla ein ny og effektiv metode, for å avsløre ulike typar kreftsvulstar på eit tidleg stadium.

— Dermed kan pasienten bli kurert langt raskare. Svært mange blir friske igjen, seier professor og overlege Christian Vedeler til BT.

Blodprøven er rask, rimeleg og sensitiv, og kan påvise kreft både i bryst, lunger, eggstokkar, testiklar og lymfer.

Avslører ørsmå svulstar

Når det oppstår kreft i kroppen, blir immunapparatet aktivert, og dermed også antistoff. Desse spesielle antistoffa er markørar for kreft, og dermed det forskarane jaktar på i blodprøven.

— Er prøven positiv, er vi nesten hundre prosent sikre på at det er kreft, seier Vedeler.

Blodprøven kan faktisk påvise kreftsvulstar som er så nye og ørsmå at legane brukar lang tid på å lokalisere dei etterpå.

— Det kan ta fleire månadar før vi finn ut kor kreften sit, seier Vedeler.

Førti nye tilfelle i året

Langt frå alle pasientar får tilbod om denne blodprøven. Testen blir i dag brukt til å påvise fjerneffektar av kreft i nervesystemet, som rammar kring 200 nordmenn i året.

Desse pasientane slit svært ofte med tilsynelatande uforklarlege nevrologiske symptom, som ustø gange og svimmelheit. Dette kan vere symptom på kreftsjukdom på eit tidleg stadium.

I denne pasientgruppa oppdagar Haukeland kvart år mellom tretti og førti nye krefttilfelle ved hjelp av blodprøven - ikkje berre i Norge, men heile Skandinavia.

4000 testar i året

Totalt utfører Nevrologisk avdeling i Bergen 4000 slike testar i året.

— Pasientar kan ikkje sende inn blodprøvar sjølve. Det må gå gjennom lege, understrekar lege Anette Storstein.

— Er det aktuelt å utvide tilbodet til fleire pasientgrupper?

— Blir testen enklare og meir automatisert, kan det vere aktuelt på sikt, seier Vedeler til BT.

Den nevro-onkologiske testen er utvikla med støtte frå Haukeland Universitetssykehus, Universitetet i Bergen og Den norske kreftforening.

OPPDAGAR KREFT: I mikroskopet leitar professor Christian Vedeler etter spesielle antistoff som bind seg til nerve- og kreftceller. Dette er ein klar indikasjon på kreft. Som det einaste sjukehuset i Skandinavia har Haukeland utvikla ein blodprøvetest, som avslører kreft på eit svært tidleg stadium. Dermed er sjansen for å bli frisk igjen langt betre.<br/>Foto: JAN M. LILLEBØ