På eit usselt lite rom på asylmottaket i Førde bur Satsita Osmanovna Inalova (44) og sonen Anzor (17). Dette har vore heimen deira sidan sommaren 2004. No går det mot slutten.

Berre dagar før den tsjetsjenske advokaten Lidija Jusupova fekk Raftoprisen for arbeidet ho har gjort med å dokumentere brot på menneskerettane i Tsjetsjenia, gav Utlendingsnemnda (UNE) dei to reisepass. Dersom dei ikkje forlet landet frivillig, skal dei hentast av politiet.

— Dette er ei sak som har så sterke menneskelege sider at vi har bestemt oss for å gjere eit siste forsøk på å få omgjort vedtaket, seier familiens advokat, Jan Erik Mellemberg, til Bergens Tidende.

Faren blei henta

Under den første krigen i Tsjetsjenia, blei sju år gamle Anzor vitne til at russiske soldatar henta faren i heimen i den tsjetsjenske hovudstaden Grosnyj.

— Det var ein rassia. Dei gjekk frå hus til hus og henta ut mennene, hugsar Anzor.

Under utreinskingsaksjonen hadde soldatane med seg hundar. Dei gjekk til angrep.

— Eg såg ikkje at far min døydde. Men eg høyrde det, fortel han om hendingane for snart ti år sidan.

Satsita var fødd i naborepublikken Ingusjetia, og etter drapet på ektemannen flykta ho, Anzor og mannens familie over grensa til naborepublikken. Der budde dei lenge i ein flyktningleir, før dei fekk seg eit husvære i ein landsby.

Gje frå seg barnet

I følgje gammal kaukasisk skikk skal ei kvinne som blir enke overlate oppdraginga av barna til den avdøde ektemannens familie. Sjølv skal ho finne seg ny mann. Då Satsita nekta å gje slepp på sonen, skapte dette store vanskar i forholdet til svigerfamilien.

Anzor budde saman med onkelen, og blei sett i arbeid. Han måtte hjelpe til med bygningsarbeid, bere mursteinar og støype.

Til slutt henta mora sonen på skulen der han fekk gå nokre timar kvar dag. Ei venninne hadde på førehand hjelpt med pengar. Flukta gjekk via Moskva og Hamburg til Noreg.

— Vi hadde høyrt at dette er eit land som tek godt mot asylsøkjarar, seier Satsita.

Trur ikkje på ho

Når Utlendingsnemnda no vil sende kvinna og tenåringen tilbake, er årsaka mellom anna at dei ikkje trur på historia. Konkret peikar nemnda på det vanskelege forholdet til svigerfamilien. Opplysningar om dette kom fram først etter at familien hadde vore i landet ei stund, noko nemnda finn lite truverdig.

Nemnda meiner kvinna og sonen ikkje kan sendast tilbake til Tsjetsjenia, men at familien vil kunne busetje seg andre stader i Russland.

— Tsjetsjenia er ein del av den russiske føderasjonen. Dei kan i utgangspunktet busetje seg i andre område i landet enn Tsjetsjenia, skriv nemnda i avslaget og viser mellom anna til opplysningar dei har fått på delegasjonsreiser i 2003 og 2004.

— Det er ikkje lenger grunn til å hevde at tsjetsjenarar frå konfliktområdet står i fare for å miste livet ved retur til Russland, skriv nemnda. Samstundes vedgår UNE at dette strir mot råda frå FNs Høgkommissær for flyktningar som meiner tsjetsjenarar ikkje bør returnerast til Russland.

Ny anke

Den kaukasiske familiens advokat meiner avgjerda om utsending i praksis betyr at kvinna må tilbake til ei krigssone.

— Dei kaukasiske minoritetane er mildt sagt dårleg sett på i Russland. For å få tilgang til basale rettar som skulegang og legehjelp, må familien ha det som i Russland heiter bustadregistrering. Det vil dei neppe kunne få andre stader enn i Ingusjetia. I tillegg kostar slik registrering pengar, noko familien ikkje har, seier advokat Mellemberg.

Han trur svigerfamilien vil ta sonen frå mora straks dei er tilbake.

— Vi gjer no eit siste forsøk for å få nemnda til å sjå på saka på ny. Vi snakkar om ein familie med ei mor som har fått psykiske vanskar på grunn av alt ho har vore gjennom, og ein gut som i forhold til norsk lov er mindreårig. Dei menneskelege aspekta, og det at Noreg går mot FNs råd, meiner vi talar for ei ny vurdering. Den nye regjeringa kan også no få ein sjanse til å vise at dei meiner noko med at dei vil ha ein meir human asylpolitikk.

KAN BLI HENTA NÅR TID SOM HELST: Dette rommet på asylmottaket i Førde har vore Anzor og mor Satsitas heim i halvtanna år. No kan dei bli tvangssende ut kva dag som helst. Humanitæreorganisasjonar er sterkt kritiske til norsk politikk overfor asylsøkjarar frå krigsområda i Kaukasus, og trugar no med sak for menneskerettsdomstolen.
TERJE ULVEDAL