KJERSTI MJØR

kjersti.mjor@bt.no

Desse tala kjem fram i hovudfagsoppgåva til cand. polit. Marianne Stallvik ved NTNU i Trondheim. Ho har spurt 378 tilsette i Gilde Norsk Kjøtt om korleis dei opplever stress, mobbing og helseplager på jobb.

— Eg er ikkje overraska over det som kjem fram. Dette er ganske likt funn frå britiske, danske og svenske studium innan kjøtindustrien, seier Stallvik til BT.

— Men det er også viktig å få fram at over sytti prosent fortel at dei trivest godt på jobb i Gilde Norsk Kjøtt.

Fleire årsaker

Kvar dag tenkjer tolv tilsette på å ta livet sitt på grunn av mobbing og stress på arbeidsplassen, viser hovudfagsoppgåva i psykologi. Også forhold utanfor jobben kan spele inn, understrekar Stallvik:

— For eksempel personlegdom, familiære forhold og stress. Derfor er helseplager som hovudpine, ryggproblem og sjukefråver klarare symptom på at noko er gale. Dette bør Gilde sjå nærare på. Blant dei tilsette er hovudpine er den hyppigaste årsaka til psykosomatiske helseplager (11 prosent), tett følgt av «kjensla av å vere anspent, oppjaga» (drygt ti prosent).

Øreklokker og samleband

32 prosent av dei spurde fortel at dei føler seg mobba på jobben. Nær 14 prosent oppgir «tilbakeholdelse av nødvendig informasjon slik at jobben blir vanskeliggjort» som hovudårsak.

Drygt sju prosent svarar at opplevinga av å bli tildelt arbeid under eige kompetansenivå er ein viktig mobbefaktor.

Til internavisa GildeFolket seier Stallvik at konsernet har store utfordringar innan stress og mobbing, og at undersøkinga viser på kva område det må gjerast noko for å få opp trivselen og redusere stress, mobbing og helseplager.

Ho seier også at det er grunn til å tru at ein stor del av sjølvmorda i Norge skuldast mobbing på arbeidsplassen.

Lite sosialt på jobb

På spørsmål frå BT om arbeidsmiljøet er røffare i kjøtindustrien enn andre stader, svarar Stallvik at denne typen industriarbeidsplassar ofte har samlebandspreg og er lite varierte. Folk jobbar med øreklokker på, og har ikkje så mykje sosial kontakt. Ein del opplever at det er skeiv fordeling av ressursane, og få gode å kjempe om.

Å bevise at ein blir mobba kan vere vanskeleg. Folk som seier ifrå føler ofte at dei ikkje blir trudde.

Ingen av dei 1275 tilsette ved Gilde Vest BA-anlegga i Granvin, Bergen eller Førde er med i undersøkinga. Men ifølgje Stallvik er materialet til ein viss grad representativt for alle i Gilde Norsk Kjøtt.

- Mobbing så mangt

Driftssjef ved Gilde Vest BA i Førde, Jakob Sætre, er overraska over funna, og kjenner ikkje arbeidsplassen sin heilt igjen.

— Men ein veit aldri kva som rører seg i eit menneske. og mobbing kan vere så mangt. Nokre tåler mykje, andre lite, seier Sætre til BT.

— Eg kan ikkje tenkje meg at tala er tekne ut av lause lufta. Men eg er rimeleg trygg på at dersom mobbing hadde vore eit stort problem i Førde, ville det blitt tatt opp av arbeidsmiljøutvalet eller tillitsvalde.