— Denne saka ser ikkje bra ut. Det er openberrt at vi nå får ei ny hyttesak å undersøke. Vi må heilt klart stille spørsmål til Landbruksdepartementet og be om ei utgreiing om saka, seier Frp-leiar Carl I. Hagen til Bergens Tidende. Han er medlem av Kontrollkomiteen på Stortinget og gjer det heilt klart at fleire parti i komiteen nå vil ta opp saka.

- Alvorleg sak

Komiteleiar Ågot Valle (SV) er også heilt klar:

— Det er heilt klart at vi må stille spørsmål om denne saka på bakgrunn av det som nå kjem fram i Bergens Tidende. Dersom opplysningane i BT er rette, er dette ei alvorleg sak.

— Eg går ut frå at dagens leiing i Landbruksdepartementet ikkje vil ha problem med raskt å legge alle dokument og svar på bordet, legg Hagen til.

— Når vi får svar på dei spørsmåla vi stiller, må vi avgjere om vi skal opne ei sak, som vil munne ut i behandling i Stortinget, legg han til.

Jakta på Hanssen

Arbeidarpartiet på Stortinget gjorde i går iherdige forsøk på å få kontakt med sin tidlegare landbruksminister, Bjarne Håkon Hanssen, som er på reise i Japan Behovet for å få kontakt med Hanssen vart akutt etter BT-oppslag dei siste dagane om Hansen si handtering av to konkrete saker, som landbruksminister.

Det gjeld for det første buplikt-saka frå Lillesand. Her la Hanssen grunnlaget for den omgjeringa som etterfylgjaren, Lars Sponheim, nå må svare for overfor Stortinget.

For det andre gjeld det Hanssen sitt pålegg til Statskog om å omgjere eit vedtak om å nekte bygging av utleigehytte i statsallmenningen i Folldal.

Bergens Tidende fortalde om denne saka i går. Den har vekt sterke reaksjonar i det politiske miljøet. Kontrollkomiteen fekk ei kortfatta orientering om saka i august i fjor, men komiteen har ikkje fylgt opp saka.

Byggeforbod

Den planlagde utleigehytta skal byggast i eit områd som vil bli liggande i landskapsvernområdet ved Dovrefjell nasjonalpark som om kort tid blir utvida. Direktoratet for Naturforvaltning har gjort framlegg om å femdoble arealet for nasjonalparken slik den eksisterer i dag pluss eit omfattande landskapsvernområde. Kongen i statsråd vil fastsette grensene for den utvida nasjonalparken i nær framtid.

— I prinsippet vil all hyttebygging vere forbode i nasjonalparken. Ein kan neppe rekne med å få dispensasjon, opplyser rådgjevar Stein Kollungstad i Miljøverndepartementet til Bergens Tidende. Det same forbodet gjeld i utgangspunktet også for landskapsvernområda.

SPØRSMÅL: Kontrollkomiteen på Stortinget vil nå stille spørsmål til Landbruksdepartementet om tidlegare landbruksminister Bjarne Håkon Hanssen si rolle då han instruerte Statskog i ei hyttesak. Komiteen vil drøfte saka tysdag. (ARKIVFOTO)