— For ei overrasking. Eg vart veldig glad, seier Åsmul.

  • Det er nok innsatsen eg har gjort for å fremja folkedansen som førte til tildelinga, seier ho som har dansa folkedans sidan ho i ungdommen gjekk på folkehøgskule i Sogndal.

Rekneskapsførar

Men mykje anna enn dans har den spreke pensjonisten som bur på Eidsvågsneset fått tid til gjennom eit aktivt liv.

Av yrke var ho rekneskapsførar og lønssekretær. Likevel står ho oppført som husmor i den offisielle medaljeoversikta frå Slottet.

  • Ja, er det ikkje løye, seier ho med eit smil.
  • Husmor er no ingen tittel. Husmødrer har jo alle kvinner vore ved sida av alt det andre vi har stridd med, seier Åsmul som no er enkje med to barn, fire barnebarn og to oldebarn.

Eldsjel

Som folkedansar var ho blant eldsjelene i Sognelaget og Bygdeungdomslaget Ervingen. Der dansar ho ennå. Men dei siste ti åra har ho også vore ivrig til å trø dansen i Eidsvågsringen.

  • Vi er ein gjeng med pensjonistar som har laga dansarlag på Eidsvågsneset. Eg er overtydd om at dansen gjer sitt til at vi held helsa lenger, seier Åsmul.

Åsmul er også ein av eldsjelene bak arbeidet med å få til eit eige kulturhus på Eidsvågsneset.

  • Innsatsen eg har gjort for å få til kulturhuset, var også med i grunngjevinga frå fylkesmannen, seier ho.

11. februar var Edith Åsmul på Slottet og takka kongen personleg for medaljen.

  • Det var verkeleg stas. Vi var om lag 30 personar som var invitert i same ærend. Kongen helste på og snakka med oss alle. Han er ein svært tiltalande mann, seier ho.
MEDALJE PÅ BRYSTET: Edith Åsmul tok på sølvmedaljen sin til ære for BT. - Men elles trur eg ikkje eg kjem til å bruke medaljen. Eg er pynta nok i bunaden, seier ho.
Silje Katrine Robinson