EYSTEIN RØSSUMeystein.rossum@bt.no

— Dødsfallet til Rune Grønningen må bli ein merkestein. Dei ansvarlege må seie: "Dette kan vi ikkje godta, slik kan det ikkje halde fram, no må vi snu", seier kranførar Knut Brakvatne frå Valestrandsfossen. Etter 14 år i oljebransjen opplevde Brakvatne det alle fryktar: Dei sju produksjonsrøyra han var i ferd med å flytte på Oseberg Øst-plattforma trefte servicemann Rune Grønningen i hovudet. 31-åringen stod i ei blindsone slik at Brakvatne kunne ikkje sjå han. Grønningen omkom momentant.- Det var forferdeleg, heilt enkelt forferdeleg, seier Brakvatne om det som hende.

Profitt-jag Oljedirektoratets gransking av ulykka, som var omtalt i Bergens Tidende for ei veke sidan, konkluderer med at operatøren Norsk Hydro har brote regelverket, mangla rutiner og stått for ein ukultur om bord på Oseberg Øst.Kranførar Brakvatne meiner det er det stadige presset etter meir effektivitet og høgare profitt som har skulda for dødsfallet.- Det går heile tida mot billegare riggar, høgare tempo, lågare kostnader, seier Brakvatne. Sjølv er han tilsett hos ein av Hydros underleverandørar, selskapet Procon. - Dei er alle saman under konstant press: Kontraktene er kortsiktige, og det er stadige reforhandlingar med operatøren, seier Brakvatne.

Redde for jobbane Granskinga avslørte også at det var sterk misnøye blant dei tilsette fordi det var så trongt og vanskeleg å arbeide på røyrdekket, der ulykka hende.- Folk går heile tida og er redde for å misse jobben. Ingen vågar seie for mykje, det kan få konsekvensar, seier Brakvatne.Han meiner dei tre strakstiltaka Hydro gjennomførte før Oseberg Øst vart sett i drift att etter ulykka viser kva som var årsak til tragedien.

Etterlyser kontroll - Ein båt kom og tok med seg mykje av utstyret som låg på det overfylte røyrdekket. Alle som ikkje hadde det daglege virket på dekket vart utstyrt med skriftleg arbeidsløyve når dei skulle ut, og alle på dekk vart utstyrt med radiosamband, seier Brakvatne.Han etterlyser sterkare offentleg kontroll med oljeindustrien. I dag er tryggingsarbeidet på sokkelen i stor grad basert på eigenkontroll internt.- Styresmaktene må sjå til at bukken ikkje forsyner seg av havresekken. Dette må byrje no, seier Brakvatne, som ber politikarane engasjere seg.- Ønsket om maksimal forteneste står i direkte konflikt med ønsket om trygt arbeidsmiljø. Oljegiganten Noreg kan ikkje akseptere at vi drep folk for å tene dei pengane samfunnet vårt kviler på, seier Brakvatne.

Les også: Provosert av fine ord Granskningsrapporten slakter Hydro

PROFITTJAG: - Jaget etter profitt tok livet av servicemann Rune Grønningen, meiner kranførar Knut Brakvatne. (Foto: Roar Cristiansen)