— Vi ville sjølvsagt ikkje ha skipa ei statskyrkje dersom det var aktuelt i dag, seier Ole D. Hagesæther. I lengre tid har bispen ivra for å løysa banda mellom staten og kyrkja, m.a. som medlem av Bakkevig-utvalet for nokre år sidan.

Han er overtydd om at kyrkja, som ei fri kyrkje, vil fungera best når ho har staten på lang nok avstand, der ein kan ha hand om utnemningspraksis heilt til topps - med andre ord når også bispar skal utnemnast.

Hagesæther ser for seg at det blir Kyrkjemøtet, gjennom ei personalnemnd, som skal ta seg av utnemningssaker.

- Intolerant haldning

— Men eg blir lei meg når eg høyrer hjartesukk som «ta ikkje kyrkja frå oss!» Det er grunnlaus otte, for det skal i alle høve ikkje skje. Vi skal tvert om ta vare på og utvikla ei brei folkekyrkje. Dei som på den andre sida påstår at eit skilsmål opnar for «mørkemannsvelde», røper ei intolerant haldning.

Eg er glad for at det tydelegvis er eit breitt folkeleg ønskje om å vitalisera kyrkja ved å skilja ho frå staten, og eg registrerer at det svingar i Arbeiderpartiet som er på veg inn i ein tenkefase, seier Hagesæther. Han ser ikkje for seg at vi kan få ei «smalare» kyrkje, men derimot ei tydeleg kyrkje.

Mytespreiing

— Det er prinsipielt galt at eitt bestemt trussamfunn skal ha nokon føremon i høve til staten. Derfor lyt vi få eit skilje, seier SV sin kyrkjepolitiske talsmann i Stortinget, Rolf Reikvam. Han har sjølv vore med i eit kyrkjelydsråd og er «glad i kyrkja», som han ordlegg seg.

Han meiner at det er mytespreiing å påstå at statskyrkja er ein garantist for ei vidsynt og liberal kyrkje. Reikvam er ikkje det minste redd for at dei konservative vil få større makt om stat og kyrkje skil lag, og han grunngjev det slik:

— Utviklinga går sin gang, og det ville ikkje vore mogleg å utnemna ein Stålsett eller ei Køhn utan at kyrkja sjølv var moden for det. Synet på kvinnelege prestar har óg endra seg og er resultatet av likestilling og kvinnefrigjering.

Reikvam meiner at ei fristilt kyrkje sjølv må ta ansvaret for inntektssida, men staten kan yta tilskot. Han ser for seg at staten i framtida tek på seg å krevja inn medlemskontingent, slik det er i Sverige.

Raus finansiering

— Det tykkjest som om mange av statskyrkjetilhengarane er styrt av angst, i staden for å tru på det positive. Dei fryktar av ein eller annan grunn at takhøgda i kyrkja skal bli mindre etter eit skilje, resonnerer Odd Einar Dørum (V).

Han meiner at praksis tyder på noko heilt anna: Kyrkja har vist både i lærenemnda og i homofilisaka at ho kan handtera krevjande saker. Og har vi nokon grunn til å tru at ikkje liberale bispekandidatar vil vinna fram? undrast han.

Dørum er Venstres talsmann i kyrkjesaker og er ikkje det minste i tvil om at statskyrkjeordninga er ved vegs ende. Det har han meint sidan 80-talet. Men han vil setja mykje inn på at vi framleis kan ha ei brei folkekyrkje.

Han legg stor vekt på at ei fri kyrkje må nyta godt av rause finansieringsordningar, gjerne gjennom skattlegging. Medlemskontingent - eller «kollekt» - som han seier, er ikkje tilstrekkeleg.

Ti års ventetid?

Både Hagesæther, Reikvam og Dørum ser for seg ein lang prosess før statskyrkjeordninga er oppheva. Dørum brukar ordet «solnedgangslov» om ordningar i overgangsperioden. Etter at grunnlovsendringar er vedtekne i neste stortingsperiode, kan ein ha von om eit skilsmål med effekt frå kring 2015.

Ingen av dei har sans for folkerøysting om statskyrkja.

— Folk vil ikkje vita kva dei skal røysta ja eller nei til, for det er ei sak med svært mange sider, seier biskopen.