Passasjergrunnlaget er om lag det same til dei to store byane, men topografien talar mot Vestlandet. Det er billegare å bygga høgfartsjarnbane gjennom Østerdalen til Trondheim, er konklusjonen til dei tyske ekspertane som no greier ut norske høgfartsbaner på oppdrag frå Samferdsledepartementet.

I tillegg vil dei tyske konsulentane bygga høgfartsbane frå Oslo mot Gøteborg for tilknyting til det europeiske nettet.

— Dette er ikkje ei avgjerd mot Bergen. Gladmeldinga er at høgfartsjarnbane har noko for seg i Noreg. Vi tilrår å byrja med strekningane med størst trafikkpotensial og lågast utbyggingskostnad. Nettverket bør byggjast line for line, seier Harry Dobeschinsky ved Verkehrswissenschaftliges Institut Stuttgart (VWI).

Han er sikker på at lina mot Bergen kostar ein god del meir enn den til Trondheim. Eit førebels estimat er 67 prosent dyrare.

Skuffande

— Eg synest det er skuffande at utgreiarane ikkje har sett potensial i vårt prosjekt, men vonar at alle snart ser lyset, seier Øyvind Halleraker, som frontar den Sørnorske Høgfartsringen.

— Det er bra at vi får sleppa til med korrigerande innspel no. Dette er ein viktig fase der mange premissar vert lagt, seier Jørg Westermann i Norsk Bane. Han frontar den konkurrerande Haukelibanen.

Westermann var svært kritisk til fleire sider ved utgreiinga.

Dei som til no har lagt fram skisser og planar om høgfartsjarnbane i Noreg, har prioritert samanknyting av folkerike Austlandet med dei mest folkerike delane av Vestlandet, og ser for seg ein line mot Trondheim seinare. Tyskarane snur opp-ned på dette. Lyntoget kan kutta ned togturen Oslo-Trondheim til to timar og 45 minutt, og køyra heile fire timar raskare enn i dag.

Tenkjepause

Ekspertane vart møtte med ein del motargument då første fase av utgreiinga vart lagt fram i Oslo i går. Enkelte hevda at marknadspotensialet i Bergen er 30 prosent høgare enn i Trondheim. Flystatistikken inkluderer omstiging på Værnes frå Nord-Noreg og på Gardermoen til utlandet. Dessutan er distansen til Bergen kortare. Difor kan toget tevla med flya, sjølv om farten er litt lågare.

— Skulle no tru at det er viktigare å få trafikk over frå fly til tog mellom Bergen og Oslo enn frå bil til tog Oslo - Gøteborg, var kommentaren til Johan Selmer frå NSB si planavdeling.

Selmer rår til at Jernbaneverket tek ein tenkjepause, slik at alle får studera saka grundig før ein går vidare med fase to i utgreiinga.

Dette fekk straks tilslutnad frå Øyvind Halleraker, som la til at han tala på vegner av eit stort fleirtal på Stortinget.

CO2-utslepp

Reduksjon av CO2-utslepp høyrer med i andre fase i utgreiinga. Den skal etter planen presenterast i april.

Noreg har ikkje trafikkgrunnlag for dobbeltspor. Enkeltspor set store krav til plassering av stasjonar og kryssingsspor, så møtande tog ikkje treng venta på kvarandre. Kryssingspora må vera om lag 17 kilometer lange, grunna den høge farten. Kvart stopp under vegs «kostar» 5 ½ minutt i tid. Godstog kan til naud bruka lina om natta.