HILDE KRISTIN STRAND

Ulukka skjedde i Austmannalitunnelen på EV 134 i retning Haukeli like før klokka 15.30 torsdag ettermiddag.

Bilen kjørte i fjellveggen, og den 64 år gamle føraren vart lettare skadd.

Vegen er no rydda på staden.

Årsaka til ulukka er ikkje kjent, men det er ikkje mistanke om promillekjøring. Det seier Asbjørn Andersen, operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.