Påtalemakta ville ha godkjenning frå retten til at forbodet skulle gjelde heilt fram til utgangen av februar 2007. Likevel unnlet politiet å møte i retten for å grunngje og underbygge kravet.

I går møttes Arfan Qadeer Bhatti og Nina Johnsrud i forhøyrsretten i Oslo.

Bhatti er sikta i ei sak som gjeld trugsmål med skytevåpen mot Nina Johnsrud.

6. juli i år vart det løsna fleire skot mot boligen til Nina Johnsrud. Ingen vart skadd, men politiet tok saka svært alvorleg.

13. september ila Follo politidistrikt Bhatti forbod mot å oppsøke, forfylgje eller på noko vis ta kontakt med Nina Johnsrud eller nokon av barna henner. Forbodet omfatta all kontakt også per telefon, tekstmeldingar og epost.

Politiet grunngav forbodet med at det «anses å foreligge særlige forhold som gir grunn til å anta at det foreligger risiko for at den forbudet retter seg mot, ellers vil begå en straffbar handling overfor, forfølge eller på annet vis krenke den andres fred.»

I avgjerda si oppgav politiet at Nina Johnsrud hadde kravd at Bhatti vart ilagd besøksforbod. Dessutan hevda politiet at allmenne omsyn kravde eit slikt forbod.

Sjølv opplyste Johnsrud i retten at ho aldri hadde kjent seg truga av Bhatti, og at han aldri har oppsøkt henne.

Bhatti forklarte at han ikkje har noko uoppgjort med Johnsrud.

Etter dette avslo retten å etterkome kravet frå påtalemakta.

Både Nina Johnsrud og advokat John Christian Elden, som forsvarar Bhatti, er forundra over at politiet ikkje møtte i retten.