— Det er jo hyggelegare å eta når du har nokon å eta saman med, seier Roy Moyle.

28-åringen bur i Åsane og jobbar som kokk i eit cateringfirma.

— Eg et skiver til frukost på jobben og så blir det litt småsmaking i løpet av arbeidsdagen. Når eg kjem heim, er eg lei av mat, då blir det ein enkel middag, ofte pasta, ris eller pizza. Det blir mykje ferdigmat, seier han.

— Grundigare matlaging blir det om eg inviterer gjester eller lagar mat saman med andre.

- Kan eta når eg vil

Det er laurdag føremiddag. Roy Moyle sit på Fotballpuben og drikk kaffi og les avisa. Og dette er ikkje dagens frukost, den sette han til livs for mange timar sidan.

— Eg drikk vanlegvis lite kaffi. Sidan eg er utdanna innan ernæring bør eg jo vera oppteken av kva eg et. Eg prøver å eta lite snop, men noko smågodt blir det.

— Flyttar eg saman med nokon, blir det nok meir orden på middagsmaten. Fordelen med å bu åleine sånn matmessig er at eg kan eta når eg vil. Men eg saknar jo nokon å dela måltida med. Og det er som kjent ikkje det einaste ein saknar som åleinebuar, seier Roy Moyle.

Ungkaren Kjell Magne Rong, som er formann i Bordalen stampalag, ungkars-badelaget som nyleg vart omtala i Bergens Tidende, seier han har byrja eit nytt å betre liv i 2004.

— Eg har bestemt meg for å eta sunnare mat, ta eit eple om kvelden i staden for snop, til dømes.

— Brødmat er eg ganske god på, eg et grovbrød med leverpostei og vossafår. Middag er det dårlegare med. Eg et sjeldan varm mat, seier han.

Lagar biff til damene

— Det blir heller kald karbonade på skive. Men det hender eg lagar biff til damer for å imponera. Eg er ein resar på biffsteiking. Men sidan eg framleis er ungkar, er det vel noko eg gjer gale, seier Kjell Magne, som også av og til gjev seg i kast med Amerikansk gryte av Toro-typen.

— Eg tenkte elles at eg skulle byrja å trena litt i år, seier han.

— Når damene held seg i form, så kan ikkje vi karane vera verre. Det nyttar ikkje å gå rundt og vera blautfeit, seier 29-åringen.

Mannen bak den årlege Ungkarsfestivalen i Suldal, Kjetil Nærheim, hadde fiskepudding i kvit saus til middag fredag. Sausen laga han sjølv.

— Det var lenge sidan sist, men jammen blei han god, seier han.

Han meiner ungkarar flest et godt og at somme nok er flinke til å laga mat, i alle fall av og til. Men at all etinga nok ikkje alltid er så sunn.

MYKJE FERDIGMAT: Fordelen med å bu åleine er at eg kan eta når eg vil, seier Roy Moyle. Kokken et mykje ferdigmat.<p/>FOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN