Dette opplyser politiinspektør Elisabeth Ramstad ved Oslo politidistrikt til Bergens Tidende. Ramstad er ansvarleg for etterforskinga i Oslo mot dei som vart sikta for mistanke om ulovleg å oppbevare barneporno.

— Vi vurderte situasjonen slik at det var lite sannsynleg at det ville vere mogeleg å sikre bevis gjennom ransaking, etter at saka var ute i media, seier Ramstad.

— Du siktar til pressekonferansen til Kripos?

— Ja.

— Uheldig?

— Dette er nytt for meg i dag. Eg har ikkje fått nokon rapport korkje frå Oslo-politiet eller her i Kripos om at ikkje alle ransakingane var gjennomførd før vi innkalla til pressekonferanse, seier Kripos-sjef Arne Huuse til Bergens Tidende.

Han vil ikkje svare på om dette var uheldig for etterforskinga mot dei to, før han «har fått undersøkt saka nærare», som han formulerer det.

Huuse opplyser at planen var å gjennomføre rassiaen over heile landet samstundes og i løpet av ein dag. Men Oslo-politiet hadde varsla at dei trong to dagar på grunn av at det var så mange saker.

Forhøyrsretten hadde på førehand samtykka i at det vart gjennomførd ransaking mot 24 personar i Oslo. Men hjå to kom politiet til stengd dør.

Tapte bevis

Oslo-politiet la til grunn at dei som måtte sitje med ulovleg barneporno, ville ha kvitta seg med det straks etter at opplysningane frå Kripos kom ut.

Meldingane om rassiaen gjekk på topp i alle etermedia straks etter at Kripos hadde invitert til pressekonferanse torsdag 29. august.

Ramstad opplyser at dei to som unngjekk ransaking og beslag, framleis er sikta. Dei vil bli innkalla til avhøyr og konfrontert med det materialet politiet har og som gav grunnlaget for siktinga og ransakinga.

Oslo-politiet fekk ansvar for 24 sikta personar av i alt 163. To av dei 24 sakene er sidan oversendt til andre politidistrikt som rette distrikt. Dermed arbeider Oslo-politiet med gjennomgang og analyse av 20 beslag.

— Desse 20 sakene ligg nå i «analysekø» for gjennomgang av elektronisk materiale. Om lag halvparten får vi hjelp med frå Økokrim. Den andre halvparten tek vi sjølv, seier Ramstad.

Ingen av sakene er ennå klare for påtalemessig avgjerd.

«Sprekke»

Ifylgje Huuse var saka i ferd med å «sprekke» ved at medie fleire stader i landet, mellom anna i Agder, hadde fått nyss om at det var «noko på gang», før Kripos innkalla til pressekonferanse.

— Difor var det betre å orientere pressa sentralt frå Kripos, enn om dei einskilde politidistrikta skulle gjere det.

Huuse meiner også at Kripos fekk tilbakemeldingar frå politidistrikta om at ransakingane var gjennomførde.

Mot sette står det faktumet at Kripos hadda laga ein «mediestrategi» mange dagar før rassiaen vart gjennomførd. Og i denne strategien, er det klart slege fast at ein skulle halde pressekonferanse «med det glade budskap» på dag 3, dagen etter at rassiaen var gjennomførd. Denne strategien vart også fylgd.

Korreks frå Qvigstad

Bergens Tidende ba i går Politidirektoratet kommentere korleis Kripos har handtert saka. Politidirektoratet viste til riksadvokaten. Riksadvokatembetet ville ikkje uttale seg. Både riksadvokat Tor-Aksel Busch og assisterande riksadvokat Hans-Petter Jahre, var i går på reise. Statsadvokat Kjerstin Kvande viste til førstestatsadvokat Lasse Qvigstad.

Qvigstad er ytterst knapp, men seier fylgjande:

— Eg syns medieomtalen av saka har vore prematur (det vil seie - for tidleg)(red. merknad). Det hadde vore heldigare om ein hadde venta til ein hadde oversikt over beslaga, før ein uttalte seg.

Dette kan vanskeleg oppfattast annleis enn som ein klar korreks til Kripos-sjef Arne Huuse.