Det er konklusjonen i ein ny rapport der Luftfartstilsynet har vurdert dei operative forholda ved alle norske flyplassar.

I Hordaland og Sogn og Fjordane kjem lufthamnene Sogndal, Førde og Sandane i kategorien svært vanskelege. Også Ørsta/Volda på Sunnmøre hamnar i denne kategorien. Flyplassen i Florø er plassert i mellomkategorien der dei flyoperative forholda er vanskelege.

Flesland og Stord er dei einaste flyplassane som hamnar i «godkjent-klassen».

Poeng etter tryggleik

Rapporten som rettar eit skarpt søkjelys på tryggleiken ved flyplassane, er utarbeidd i samband med den nye anbodsrunden på kortbanenettet. Luftfartstilsynet har gitt flyplassane i landet poeng etter kor sikre dei er. Forhold for inn— og utflyging, lysforhold, sikkerheitsområde rundt flyplassane og vindtilhøve er mellom dei flyoperative faktorar som er vurdert i ein av dei største gjennomgangane av norske flyplassar.

Basert på dette er flyplassane delt inn i tre grupper, ei gruppe der det ikkje er spesielle forhold, ei gruppe der dei flyoperative forholda er vanskelege og ei gruppe der forholda er svært vanskelege.

Krav om tryggleik

Basert på undersøkinga vil Luftfartstilsynet stille spesielle krav til flyselskapa som skal trafikkere flyplassane for å betre tryggleiken.

— Granskinga er først og fremst gjort for at selskapa som vil konkurrere i den nye anbodsrunden på kortbanenettet skal gjere det på like vilkår. Sikkerheitsnivået skal vere det same, seier underdirektør Arne Paulsen i Luftfartstilsynet.

I Luftfartstilsynet vil dei ikkje kommentere om konsekvensen av deira rapport kan vere at flyplassar blir lagt ned.

Ta forholdsreglar

— Det er heilt andre som må svare på det spørsmålet, kommenterer Paulsen.

Han samanliknar norske flyplassar med skilnaden på å køyre på berr og glatt veg.

— Der forholda er vanskelege, må det vere strengare forholdsreglar.

— Men kan desse krava då føre til fleire overflygingar og innstilte avgangar?

— Det kan vi nok ikkje sjå bort frå.

fakta/flyoperative forhold

  • Oslo Lufthavn Gardermoen er best i klassen i undersøkinga Luftfartstilsynet har gjort av dei flyoperative forholda ved norske flyplassar.
  • Lågare poengsum tyder betre er forhold. Hovudflyplassen er den einaste får null poeng. Flesland har fire.
  • Av kortbaneflyplassane har Stord åtte, Florø 15, Førde 19, Sogndal 20 og Sandane 24.
  • Flyplassen i Nordfjord er ein av dei som har vanskelegast flyoperative forhold i landet.
  • Her er lista:

Gruppe 1 (ingen spesielle forhold): Flesland, Bodø, Karmøy (Haugesund), Kjevik (Kristiansand), Lista, Gardermoen, Sola (Stavanger), Stord, Torp (Sandefjord), Værnes (Trondheim), Vigra (Ålesund)

Gruppe 2 (vanskelege forhold): Alta, Andøya, Lakselv, Bardufoss, Berlevåg, Brønnøysund, Båtsfjord, Fagernes, Florø, Geilo, Evenes (Harstad-Narvik), Hasvik, Kirkenes, Kristiansund, Molde, Notodden, Røros, Rørvik, Røst, Geiteryggen (Skien), Svalbard, Tromsø, Vadsø, Vardø.

Gruppe 3 (svært vanskelege forhold): Førde, Hammerfest, Honningsvåg, Leknes, Mehamn, Mo i Rana, Mosjøen, Namsos, Narvik, Sandane, Sandnessjøen, Sogndal, Stokmarknes, Svolvær, Sørkjosen, Ørsta-Volda.