TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.noFørde

Adm. dir. Finn Bergesen jr. gjorde målet for samtalene med politikarane klinkande klart då årsmøtet i NHO Sogn og Fjordane tok til i Førde i går kveld: Næringslivet må sikrast meir forutsigbare og betre rammevilkår.

I praktisk politikk vil det mellom anna innebere mindre løns-auke til folk flest, reduksjonar i sjukelønsordninga og mindre skatt.

Framfor menigheita, næringslivsleiarar frå heile Sogn og Fjordane, var NHO-toppsjefen knallhard i sin dom over politikarane:

— Eg etterlyser det breie politiske forliket. Politikken som vert ført i dag, er basert på kortsiktige politiske vinstar.

Finn Bergensen jr. skildra ei norsk politisk verkelegheit som etter hans og NHOs syn er prega av stor ustabilitet. Han oppfattar sentrum til å ha ein klar statsministerkandidat, men mellom dei tre partia er det store spenningar. Spenningane eksisterer også i fullt mon innad i Ap. Frp er prega av ustabilitet og at ingen veit kvar dei har partiet. H og SV er spelt utover sidelinja.

— Næringslivet veit ikkje kva vilkår vi har å halde oss til, det endrar seg frå budsjett til budsjett. Det må gå gale når rammevilkåra til næringslivet vert laga på Hotel Plaza midt på natta, tordna Bergesen jr.