Forrige månad la forskarar frå Haukeland sykehus og Universitetet i Bergen fram ei rekkje større forskingsprosjekt på ein stor internasjonal konferanse i Atlanta, USA.

15.000 legar, spesialistar og forskarar deltok på den årlege konferansen.

— Dette er det fremste forumet for presentasjon av lungemedisinsk forsking i verda, fortel professor og overlege ved Lungeavdelingen ved Haukeland sykehus, Amund Gulsvik.

Av tolv vitskaplege presentasjonar frå Norge, kom heile åtte frå Bergen.

– Vi er svært stolte, seier Gulsvik.

Forskarmiljøet i Bergen har vore aktivt i snart tjue år, og er eit av dei fremste i Norden. Forskingsarbeidet har vore konsentrert både om årsaker til og utvikling av lungesjukdommar.

— Vi har fulgt befolkninga på Vestlandet i snart tjue år, samt lungepasientar i Oslo i ein trettiårsperiode. Folk har slutta svært godt opp om desse studiene, og gitt oss ein eineståande anledning til å beskrive ei heil befolkning.