Bølgjene var heilt opp i åtte meter då ferja kom ut for kraftig sjø sør for Stavanger ved 02-tida natt til laurdag. Den planlagte seglinga frå Kristiansand til Hanstholm i ettermiddag er kansellert, skriv selskapet i ei pressemelding.

— Me hadde førebudd dei 230 passasjerane våre på at det kom til å bli sjøgang, og dei var i lugarane sine då me fekk problem ved Jærens rev, seier kaptein Finn Esben Hansen i pressemeldinga.

Ifølgje kapteinen kom situasjonen under kontroll etter nokre minutt, og skipet blei manøvrert inn i lunare farvatn.

«Bergensfjord» kom til Egersund ved 07-tida laurdag morgon, og skipet vil gå direkte vidare til Hanstholm i 17-tida i ettermiddag og vil følgja normal ruteplan frå søndag av, opplyser administrerande direktør Ingvald Fardal i pressemeldinga.

Takstmenn er i dag på plass for å sjå på omfanget av dei materielle skadane.

ØYSTEIN ELLINGSEN