Sund kommune er nest beste kommune i Hordaland på fagpersonell i pleie— og omsorgstenesta, berre slått av Modalen. I andre enden av skalaen finn ein Bergen, som er dårlegast i fylket og under landsgjennomsnittet. Her er fire av ti tilsette utan relevant fagutdanning. Det plasserer Bergen på kartet som ein av dei dårlegaste kommunane i landet på fagpersonell.

- Uansvarleg av Bergen

— Uansvarleg. Slik var det her hos oss for ti år sidan, kommenterer Jenny Glesnes ved Sundheimen når ho får høyre om personellsituasjonen i Bergen.

Glesnes har arbeida med pleie og omsorg i Sund kommune i over 30 år, og for nokre år sidan sikra ho seg fagbrevet som omsorgsarbeidar.

— Det gjer at eg kjenner meg mykje tryggare i arbeidet eg utfører, fortel Glesnes og får stadfestande nikk frå kollegaene sine på pauserommet på Sundheimen.

Anne Raa er i ferd med å sikre seg fagbrev, og har lærlingplass på Sundheimen.

— Eg valde utdanning fordi det gjev meg mange fleire moglegheiter, og dessutan trur eg det kjem pasientane til gode, seier Raa.

Ho set pris på å vere i eit arbeidsmiljø der dei fleste har relevant utdanning.

— Det gjer at vi kan ha ein fagleg diskusjon og spørje kvarandre når det er ting vi lurer på.

I nabokommunen Bergen er byråd for helse og omsorg, Trude Drevland, klar over mangelen på fagpersonell utan at ho har noko eintydig svar på kvifor det er slik. Noko av forklaringa er at Bergen er ein større kommune, meiner ho.

Byråden erkjenner at mangelen på faglærte er eit problem, og seier at kompetanse difor er eit viktig satsingsområde. Ifølgje Drevland har kommunen 120 tilsette på kurs dette året som skal ta fagbrev som omsorgsarbeidarar.

- Kommunen må gjere meir

Helga Sellevold, leiar i Kamp for de eldre, er svært uroa over personellsituasjonen ved sjukeheimane i Bergen.

— Eg er enormt bekymra. Utdanna personale er viktig for at dei eldre snarast mogleg skal få den behandlinga dei treng, seier Sellevold.

Ho understrekar at ho ikkje kritiserer dei tilsette ved sjukeheimane, men politikarane som er ansvarlege for å yte tilstrekkeleg ressursar.

— Stoltenberg har lova 10.000 nye hender i omsorg. Men då spør eg kva hender! Vi trenger kloke hovud og varme hjarte i tillegg, seier Sellevold.

Raymond Turøy, leiar for seksjon helse og sosial i Fagforbundet Hordaland, meiner Bergen kommune bør gjere meir for å sikre seg arbeidskraft med formell kompetanse.

— Ein del er blitt gjort, men alt for lite i forhold til behovet. Svært mange av dei som står utan formell kompetanse i dag ønskjer å skaffe seg det, og kommunen bør gje desse eit betre tilbod.

Legg til rette

Anne Grete Hareide er einingsleiar ved Sundheimen og er ikkje overraska over at Sund scorar høgt på personell med fagutdanning. Ho fortel at det er kommunal politikk å motivere og leggje til rette for utdanning. Det har vore kostnadskrevjande, men Hareide er ikkje i tvil om at det gjev resultat.

— Tenestene blir betre, og særleg merkast det i heimetenesta når alle har medisinkompetanse.

Jenny Glesnes er ein av dei som tok fagbrevet i vaksen alder, etter pådriv på leiinga.

— Leiinga pusha på og ville ha oss opp og fram fordi behovet for fagpersonell var stort, fortel Glesnes som er glad for at ho tok utfordringa.

— Eg har lært mykje, og føler meg betre førebudd. Ein veit jo aldri kva ein kjem opp i i dette arbeidet.

Nerbø odd e