I fjor dukka rømt oppdrettslaks opp i Hardangerfjorden, utan at nokon greidde å finne ut kvar den kom frå.

Slike gåter er det Skaala på Havforskingsinstituttet — i samarbeid med ei rekke andre forskingsinstitusjonar - skal utvikle metodar for å finne svar på.

Analysar av fôrprøver, arveeigenskapar (DNA-analysar) og straumtilhøve er metodar som skal gjere det råd å spore uidentifisert rømt oppdrettsfisk til det anlegget den har rømt frå.

Slik kan oppdrettarar som ikkje er klar over at dei har rømt laks varslast, og oppdrettarar som har late vere å melde frå om røming oppdagast.

Men no står forskingsprosjektet i fare for å bli amputert.

Manglar millionar

Skaala seier prosjektet var planlagt å gå over tre år. I tillegg til arbeidsinnsatsen forskingsinstitusjonane sjølve skulle legge i prosjektet, trongst det 16 millionar kroner i tilskot for å finansiere arbeidet.

Forskingsrådet gav fire millionar kroner, og Fiskeri og Havbruksnæringa sitt forskingsfond gav ein million.

Hadde oppdrettsnæringa, som er ansvarleg for den rømde fisken, satsa like mykje som Forskingsrådet gjorde, ville det gjort stor skilnad, meiner Skaala.

— Eg er overraska over at dei i større grad ikkje har vist seg å vere tydelege i finansieringsviljen, seier han.

Signal frå Stortinget

Storparten av all røming vert oppdaga og meld frå om av oppdrettarane sjølve, men dei tilfella det ikkje skjer har fått Stortinget å be om at det skal vere råd å identifisere kvar laksen kjem frå.

Skaala spør seg om oppdrettarane tek dei polititiske signala alvorleg nok.

— Det beste beviset på at ein tek dette på alvor er at ein viser vilje til å vere med på å finansiere undersøkingane som må til, og vi løyser ingen problem med det bidraget vi har sett frå oppdrettarane i dag, seier han.

Kostbar merking

Eit eige utval vurderte å påby merking av all oppdrettslaks, eit tiltak som ville gi oppdrettsnæringa eit praktisk problem og kostar cirka 200 millionar kroner i året.

Metoden Skaala og forskarkollegaene arbeider med vil koste oppdrettsnæringa berre ein prosent av dette beløpet, meiner Skaala.

Grunnen er at forskarane sin metode berre vil koste oppdrettsnæringa noko kvar gong det dukkar opp uidentifisert laks og at undersøkinga då vil avgrensa seg til eit mindre geografisk område.

Rekordstor rømming

Fagsjef Kjell Maroni i Fiskeri- og Havbruksnæringens landsforeining seier den eine millionen ikkje er eit teikn på at oppdrettsnæringa er motviljug til prosjektet, og at det kan bli løyvd meir pengar seinare.

2005 vart eitt av dei verste rømingsåra i oppdrettsnæringa si historie. Over 900.000 fisk, først og fremst laks, stakk av frå anlegga langs norskekysten.

2006 kan bli enda verre, 600.000 fisk rømde berre i januar, først og fremst fordi oppdrettsanlegg svikta under det sterke uveret i Nord-Noreg.

Rømt fisk representerer to problem, den kan vere berar av lus (som eigentleg er ein krepseart som lever som parasitt på fisken) og den kan blande seg med villfisk og føre til at arveeigenskapane hos villfiskstammane endrar seg.