NVE vil i staden at selskapet som vil byggje ut, Småkraft AS, skal gjere ei «enkel heilskapleg vurdering» av kraftprosjekta.

— Det er så mange omsyn og perspektiv som bør vurderast i dette området, at vi meiner det bør gjerast i ein større samanheng, seier sogndalsordførar Karen Marie Hjelmeseter.

Formannskapet i Sogndal avgjorde før jul at dei ikkje vil handsame søknadene om bygging av fem kraftverk i Fjærlandsfjorden, før det er laga ein samla plan over vassdrag som er aktuelle å byggje ut. Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har seinare støtta kravet, og gitt uttrykk for at dei ønskjer ein samla plan for heile fylket.

Bukken til havresekken?

NVE avviser kravet blankt. Dei ber i staden selskapet som står bak planane, Småkraft AS, leggje fram ein rapport over prosjekta dei trur er råd å byggje ut i området. Då skal det også gjerast ei heilskapleg vurdering av dei fem prosjekta som er inne til handsaming.

— Småkraft AS har rett til å få søknadene sine handsama, seier seniorrådgjevar Øystein Grundt i NVE til Bergens Tidende.

— Men er ikkje dette som å be bukken passe havresekken?

— Dei treng ikkje gjere dette sjølv, mest sannsynleg blir arbeidet sett bort til andre.

— Men det er vel likevel Småkraft som har ansvaret og legg premissane. Kor stort truverde vil ein rapport då ha?

— Truverdet må vi sjølvsagt vurdere når vi får rapporten, seier Grundt.

— Ville det ikkje vere fornuftig med ein uhilda gjennomgang i eit utbyggingsprosjekt som ser ut til å bli kontroversielt?

— Vi har ikkje fått noko pålegg frå departementet i den retning. Vår oppgåve er definert til å vere å handsame søknader som kjem inn.

Gjere vedtak

I eit brev til Sogndal kommune skriv NVE at dei reknar med at kommunen kan gje endeleg fråsegn til dei aktuelle kraftutbyggingsprosjekta snarast råd, etter at Småkraft har rapporten klar.

— Om så ikkje er tilfelle, vil NVE like fullt starte slutthandsaminga av søknadene. Vi meiner å ha tilstrekkeleg med dokumentasjon til å gjere ei forsvarleg vurdering, understrekar NVE i brevet.

I Sogn og Fjordane har Miljøvernavdelinga teke til orde for at det blir utarbeidd ein samla plan for småkraftverk for heile fylket. Utspelet kjem truleg på bordet til fylkespolitikarane i februar.

— Vi vil avvente kva som då skjer, seier sogndalsordføraren.

I samarbeid med grunneigarane har Småkraft lansert planar for fem kraftverk langs Fjærlandsfjorden. I tillegg må det byggjast ny kraftline for å føre straumen ut på nettet. Det er frå før få naturinngrep i Fjærlandsfjorden, og miljøorganisasjonar har alt varsla at dei vil kjempe hardt for å få stoppa prosjekta. Grunneigarane meiner kraftutbygging vil gje inntekter som er nødvendige for å sikre busetnaden på gardsbruka og i grendene som ikkje alt er fråflytta.