Leidningen skal mellom anna syta for kraft til det planlagde gasskraftverket på Mongstad og Trollplattforma.

Naturvernforbundet Hordaland er i utgangspunktet kritisk til kraftleidningen, som dei meiner kjem til å gjera store inngrep i kystlandskapet. Etter deira syn er det eit minstekrav at leidningen vert lagt i sjø. Ekstrakostnadene sjøkablinga medfører bør Statoil, og ikkje BKK, dekka.

— Det følgjer av prinsippet om at forureinar skal betala. Rekninga skal ikkje hamna hos BKK-abonnentane, seier dagleg leiar John Martin Jacobsen i Naturvernforbundet Hordaland

Forbundet foreslår at leidningen vert lagt i sjø saman med gassrøyrleidningen som skal gå mellom anlegga på Kollsnes og Mongstad.