Frå fleire stader i landet er det rapportert om feil i røystesetelsetta som vert nytta ved førehandsrøystinga. Feila gjeld det landsdekkande settet der berre listenamna er påførde. Det er ikkje rapportert om feil i røystesetelsett med kandidatnamn for Hordaland, opplyser informasjonssjef Stanley Hauge i Hordaland fylkeskommune.

For å vera heilt trygg på at alle som skal førehandsrøysta i Hordaland får komplette listesett, har fungerande leiar i fylkesvalstyret, fylkesvaraordførar Helen Nordeide Fløisand, i dag sendt brev til Posten om også å sjekka røystesetelsetta med kandidatnamn for Hordaland før dei vert leverte ut til veljarane.