Ifølgje Bellona rømte laksen gjennom ei tre meters rift som oppstod da merda vart løfta opp for sortering av fisk.

Selskapet skal berre ha lukkast med å fange inn nokre hundre fisk etter episoden. Til organisasjonens nettside seier Bellonas oppdrettsansvarlege, Marius Holm, at det her er sleppt ut store mengder oppdrettslaks i Sognefjorden, som har ein svært sårbar laksestamme.

Det er viktig at politiet no vurderer om Pan Fish eller Olsen Havbruk kan straffast for det som skjedde, meiner Bellona. Organisasjonen håpar også at ei slik politimelding vil gje auka fokus på og strengare praksis i handhevinga av regelverket rundt oppdrettsverksemd.