VIDAR YSTAD vidar.ystad@bergens-tidende.noOsloDet er duka for eit durabeleg oppgjer når retten blir sett i Berlin på måndag. Forsvararane til den spionsikta journalisten Stein Viksveen har kravd at norsk påtalemakt sender ei ny rettsoppmoding til Tyskland i saka. Hardt mot hardt Dei krev at det her skal gå klart fram at det juridiske grunnlaget for rettslege avhøyr er endra i høve til den opprinnelege rettsoppmodinga. Førstestatsadvokat Lasse Qvigstad avviser nå overfor Bergens Tidende, slik han også tidlegare har gjort, at det trengst ei ny rettsoppmoding.— Dette er vurdert inngåande. Etter norsk rett er det ikkje behov for det, men skulle tyske justisstyresmakter, eller domstolen, krevje det, vil eg kunne utforme ei slik oppmoding på flekken. Det har eg fullmakt til, seier Qvigstad til Bergens Tidende. Måtte orientere tyskarane Forsvararane til Viksveen har protestert både overfor det norske Justisdepartementet og overfor dommaren i Berlin som skal leie dei rettslege avhøyra der.Førstestatsadvokat Lasse Qvigstad måtte i går gje ei orientering til det tyske justisdepartementet om det rettslege grunnlaget for avhøyr av 14 gamle Stasi-agentar. Han vart oppringt frå justisministeriet. Bakgrunnen er truleg at dommaren som skal leie dei rettslege avhøyra i Berlin, har teke saka opp med Justisdepartementet.Det er prosessuelle spørsmål knytt til skiljet mellom bevisopptak til bruk under hovudforhandling og rettsleg avhøyr under etterforsking, som er bakgrunnen for den nye runden.Dei norske forsvararane til journalist Stein Viksveen har nemleg engasjert ein tysk advokat som har levert ein skriftleg protest til domstolen i Berlin. Hastverk Dommaren som har fått tildelt saka, har tilsynelatande ikkje fått fullstendig informasjon om at grunnlaget for avhøyra er endra i høve til den opprinnelege rettsoppmodinga. Han skal ha reagert på dette. I går sende advokat Helljesen ein protest til Justisdepartementet mot framgangsmåten til POT og påtalemakta.I ekspresstempo vart protesten sendt vidare til riksadvokaten som på si side sendte saka vidare til førstestatsadvokat Lasse Qvigstad. Først nyleg fekk forsvararane kopi av dei dokumenta som påtalemakta har sendt til den tyske domstolen og som orienterer om domstolbehandlinga i Noreg. - Vi var på ingen måte nøgd med den framstillinga påtalemakta der gav. At tyske styresmakter ikkje har fått rett og dekkande informasjon, krenkar prøvingsretten som dei utanlandske styresmaktene skal ha når det gjeld å vurdere om det skal ytast hjelp, seier advokat Atle Helljesen til Bergens Tidende.