ý Det er forståeleg at sjukehusa tek forholdsreglar av frykt for farlege bakteriar. Men dei bør ha betre rutinar enn dette for å ta imot pasientar frå utlandet, seier bedriftsleiaren og varaordføraren i Kvinnherad, Knut Prestnes (52) til Bergens Tidende.

ý Slik det utvikla seg, hadde det vore tryggare for meg å vera i Moskva enn heime, seier Prestnes etter det sjokkarta møtet med Helse-Noreg sist torsdag.

Etter Moskva-returen kom ikkje Prestnes på Haukeland sykehus som han sjølv, forsikringsselskapet og følgjelegen hadde tenkt. Og på Fylkessjukehuset på Stord blei han stoppa i døra, måtte avgi blodprøve og hjartetest i ambulansebilen, og deretter sendt heim.

Frå Sibir til Jeltsin-sjukehus

Problema starta for snart to veker sidan på flyet tilbake til Moskva frå Irkutsk i Aust-Sibir, der Prestnes hadde gjesta ein underleverandør til bedrifta si HMR Group. Medan det enno var tre timar att av flyturen, kjente han at det klemte til i brystet. Han fekk også pustevanskar. Flymannskapet og ein lege blant passasjerane gav nordmannen oksygen og hjartemassasje, og fekk han innlagt på ei fullt utstyrt sjukestove på flyplassen i Moskva.

Førstehjelparane var redde for at Prestnes hadde fått hjarteinfarkt, og fekk han innlagt på det medisinske hjartesenteret i Moskva der ekspresident Boris Jeltsin er blitt operert.

Imponert

ý Russarane gjekk svært nøye til verks med undersøkinga av meg, og fann fram til rette medisinen. Dei imponerte meg, seier Prestnes.

ý Etter ein kontrastvæskeprøve av hjarte og blodårar ý som eg fekk ein videokopi av ý slo hjartespesialistane fast at det ikkje var noko gale med hjarte eller blodårar. Dei meinte eg var blitt dårleg av ein kombinasjon av stress, kabintrykk og oksygenmangel, forklarer Knut Prestnes, som også skryt av forsikringsselskapet Europeiske si framferd.

ý Dei ringte meg i sjukesenga og la alt praktisk til rette. Dei forlangte óg å senda lege frå København som skulle følgja meg heim, sjølv om eg følte meg god att etter fire dagar på sjukehus.

ý Som spedalsk

ý Eg blei paff då det på Flesland brått stod ein ambulanse frå Stord for å henta meg.

Forsikringsselskapet sa nemleg at eg skulle til Haukeland for undersøking, seier Knut Prestnes.

ý Ambulansepersonellet var svært hyggeleg, og eg blei med til Fylkessjukehuset på Stord.

ý Då vi kom dit om natta, blei vi møtte av ein lege som sa at eg såg frisk ut og at dei ikkje ville ha meg inn av frykt for utanlandsk smitte. Eg fekk meg ikkje til å hissa meg opp, men eg var overraska og følte meg behandla omtrent som ein spedalsk, forklarer Prestnes.

Sjukehuspersonellet kom ut i ambulansebilen med eit EKG-apparat for å ta hjarterytmeprøve, og utstyr for å ta blodprøve. Etterpå måtte ambulansen og personellet desinfiserast, før pasienten blei sendt heim åleine i ambulansebåt.

ý Eg er i god form no, og det er ikkje gjort direkte skade frå sjukehuset si side. Dei har også ringt og orsaka det som skjedde. Eg er heller ikkje ute etter å finna syndebukkar. Mest er eg oppteken av at det for ettertida må etablerast skikkelege rutinar slik at uheldige vurderingar som dette ikkje må skje på ny, seier Knut Prestnes.

UBEHAGELIG: - Jeg følte meg som en spedalsk, sier Knut Prestnes.