Barnevernet vil bli opnare

1,5 millionar kroner er sett av til å avskaffa myten om at barnevernet er ein hemmeleg og lukka instans. Målet er betre omdøme i samfunnet.

Les også:

BORGHILD BERGE

Ved å ta del i prosjektet «Et åpnere barnevern», som Barne- og familiedepartementet har sett i gang, skal barnevernstilsette bli flinkare til å kommunisera med media og samarbeidspartnarar. Hundrevis av direktørar og leiarar i barnevernet skal på kommunikasjonskurs i løpet av våren.

- Barnevernet må bli opnare i forhold til skule, foreldre, barn og unge og samfunnet generelt, seier prosjektleiar Reidar Hansen, som i går var i Bergen for å kursa barnevernstilsette i Hordaland.

Ifølgje Hansen er openheit overfor media særleg viktig.

- For å få fram barnet sitt perspektiv er det viktig at barnevernet uttalar seg til media. I dei vanskelege sakene er det ofte berre dei vaksne sine versjonar som kjem fram.

Hansen meiner at barna blir tekne betre vare på med openheit framfor tausheit, og oppfordrar barnevernstilsette til å vera opne innanfor dei rammene dei har.

- Tradisjonelt har barnevernet skulda på teieplikta, og sagt «ingen kommentar» kvar gong ein journalist har ringt. No vil me snu på det og heller fokusera på det me kan seia utan å bryta teieplikta. Framstillinga i media blir straks meir balansert når barnevernet uttalar seg med meir enn éin kommentar.

Undersøkingar viser at vanlege folk er ganske negativt innstilte til barnevernet, medan brukarar er positive. Ifølgje Hansen er openheit nødvendig for å få eit betre omdøme.

- Barnevernet er avhengig av legitimitet for å ta vare på barn som er i ein vanskeleg livssituasjon, og familiar som treng hjelp. Legitimitet får me ved å vera opne og samarbeidsvillige.

Hansen viser til politiet, som gjennom auka samarbeid med media har opparbeidd eit godt omdøme.

- Barnevernsarbeidarar må bli bevisste på at media si frie rolle er viktig, og at journalistar står for bra ting. Viser du respekt for deira arbeid, får du respekt tilbake, seier Hansen.

Les også

Siste fra Innenriks

To menn knivstukket i Østfold

To menn i 30-årene ble natt til lørdag knivstukket, den ene av dem alvorlig, i Spydeberg i Østfold.

Spår bondesmell for de rød-grønne

Valgforsker Frank Aarebrot tror striden med bøndene om årets jordbruksoppgjør vil resultere i en skikkelig baksmell for den rødgrønne regjeringen neste år.

Seks pågrepet i doping-razzia

Seks personer ble pågrepet da politiet natt til lørdag gjennomførte razzia mot to utesteder i Trondheim. Flere hundre gjester ble sperret inne mens aksjonen pågikk.

44.000 kan være i streik over pinse

- Vi regner med at dette vil merkes godt, sier lederen av LO stat, Tone Rønoldtangen.

Gutt (13) døde etter badeulykke på klassetur

Be hentet opp av dykkere fra fire meters dyp.

Streiken i staten trappes opp

Tomme celler og avlyste førerprøver blir konsekvensen når LO stat og YS trapper opp streiken.

Lederstillinger

Stillinger