Klokka 20 i kveld går hovudsendinga til TV-aksjonen 2006 på lufta med kronprins og statsminister i NRK-studio. Samtidig går avsparket i den TV 2-overførte seriefinalen mellom Brann og Rosenborg på Brann stadion. Konkurransen om tv-sjåarane blir tøff i kveld. Kanskje for tøff, konstaterer ein av programleiarane like før han skal inn til lydsjekk.

— Å få ein bergensar til å sjå på tv-aksjonen under fotballkampen, kan samanliknast med å få ein snøball til å overleve i helvete, seier Dag Erik Pedersen resignert.

Krone for krone skal han lose oss gjennom dagens sju timar lange tv-maraton på NRK1 saman med Christian Borch og Ingerid Stenvold.

Nasjonal dugnad

For 32. år på rad samlar NRK inn pengar på denne måten. I år går inntektene til Leger Uten Grenser.

— Det finst mange tv-aksjonar. Men dette er TV-Aksjonen, seier Per Jordal, prosjektleiar for TV-aksjonen 2006. Eller «Den store nasjonale dugnaden», som han kallar den.

— Ein gong i året skal NRK vere kommersiell og samle inn pengar. Vi skal suggerere, informere og dokumentere.

Men også underhalde. Wig Wam og Hellbillies kjem, det gjer også Lars Martin Myhre, Elvira Nikolaisen og mange andre artistar. Backstage skal ein viss vaktmeister frå Tertitten borettslag halde orden på dei kjende gjestene.

Men kven skal halde styr på Narvestad? Under prøvane er hans alter ego, Robert Stoltenberg, føre var.

— Narvestad er jo så rar. Han kan jo plutseleg finne på å gå bort til kameraet der borte, seier han og peikar.

— Det blir stunting under sending. Vi får ta ein liten prøve no, og iallfall bli einige om rammene rundt, svarar innspelingsleiar Ane Terum.

Balansegang

Pengane som bøsseberarane samlar inn i dag, skal gå til humanitære kriser som får lite eller inga merksemd i media. I løpet av tv-dagen sender NRK1 ei rekkje reportasjar frå land som Sierra Leone, Kongo, Sudan, Guatemala og Tsjetsjenia.

— Det går ingen charterfly til områda der Leger Uten Grenser opererer, så det har vore komplisert å reise og med fare for liv og helse, seier Jordal.

Utover dagen får sjåarane rapportar frå fleire distriktskontor, mellom dei NRK Hordaland. Jordal fortel at balansegangen mellom alvor, artisteri og auksjonar er vanskeleg for tv-staben. Men i år blir altså seriefinalen ei ekstra utfordring.

— Sjølvsagt kjem vi til å miste mange sjåarar, men vi får håpe at vi ikkje mistar mykje pengar også. Det er trass alt det viktigaste.

Bjelland, Håvard
Bjelland, Håvard