Varmare i sjøen

Dei siste tiåra har me opplevd fleire somrar med gode badetemperaturar langs kysten av landet. Havforskningsinstituttet har jamlege målingar på ulike punkt langs kysten. Ser ein på tala frå Sognefjorden finn ein at juni har hatt sjøtemperaturar som ligg fleire grader over normalverdien. Ser ein på målingane for 10. juni låg temperaturen heile fem grader over normalen. Samanliknar ein tal for juli for 10 og 20 år tilbake kan ein sjå at temperaturen har endra seg. I juli 1986 låg sjøtemperaturen i Sognesjøen på rundt 13 grader i snitt, ti år seinare var snittemperaturen ein grad kaldare, for så å stiga til i overkant av 17 grader i fjor.

Klimaskapt?

Forskar ved Havforskningsinstituttet, Svein Sundby har studert samanhengen mellom sjøtemperatur og drivhuseffekten.

— Ein skulle kunne gå ut ifrå at den auka temperaturen både i luft og sjø kjem frå klimaendringane, men ein ser også at det på 1930-talet var nesten like høge sommartemperaturar i sjøen som i dag, seier Sundby. Han meiner det meste av dei høge luft- og sjøtemperaturane me har sett dei siste åra er del av naturlege svingingar. Ifølgje desse berekningane vil temperaturen gå litt ned igjen i 2020/2030, for så å få eit endå sterkare oppsving.

— Det er etter 2030 den verkelege drivhuseffekten slår inn. Det me ser av endringar i dag er berre blåbær mot det me vil sjå då, seier Sundby som meiner me har undervurdert effekten av dei langsiktige endringane.

Fisken er taparen

Sjølv om ein spår større endringar lengre fram i tid, er ikkje temperaturauken uproblematisk. I alle fall ikkje for fisken. Dei siste 40 åra har høgare temperatur ført til nedgang i ei rekke fiskebestandar i Nordsjøen. Dette kjem rett og slett av at det blir for varmt for planktonet raudåta. Raudåta er «poteten» for fisk i våre farvatn, og planktonet trekk nordover.

— Dette fører til at torsk og hyse forsvinn gradvis. Torskefiskane kan i verste fall forsvinna totalt, fortel Sundby. Medan varmen har gjort det gunstigare for fiskesortane i Barentshavet, lid økosystemet i Nordsjøen.

— Produksjonsgrunnlaget går ned, og resultatet blir skrik om overfiske, fortel forskaren. Han peiker også på at tareskogane langs kysten er i ferd med å forsvinna. I Hordaland er halvparten av sukkertaren borte.

— Dette er urovekkjande, då nettopp tareskogane er matfat og husly for fiskeartane, påpeikar Sundby. I tillegg er sommartemperaturen på Vestlandskysten også i ferd med å bli for varm for oppdrettsanlegga, som i så fall må flyttast nordover.

- Et ikkje fisk

Nokon vassar, andre plaskar. Barna kjem med små hyl i lukkeleg fryd. I sjøen ved Gamlehaugen er god badetemperatur utelukkande positivt.

— Det er berre herleg at sjøen blir varmare om sommaren, då er det lettare å kome seg uti, smiler Marielle V. Hansen. Ho er ikkje så bekymra for at dette går på kostnad av fisken.

— Då slepp me i så fall og vere uroa for å møte på fisken medan me sym, ler ho. Silje Sagstad er heller ikkje så bekymra kva klimaendringane fører til for fiskebestanden.

— Forsvinn fisken? Eg et ikkje fisk uansett, smiler ho før ho sym utover i det friske vatnet saman med jentene sine.

— Det er ikkje kaldt, kvitrar dei.

— Jentene badar uansett, men for meg er temperaturen viktig, fortel Sagstad. For henne kunne det godt vore over 20 grader heile året.

Haien kommer

Men det er ikkje alle artar som trivast best når sjøen er kald. Klimaendringar fører også til at nye artar dukkar opp.

— Nye artar som aksjons, sardinar og hai vil bli meir vanlege, fortel Sundby. Liten uro for klimaendringar til trass, sistnemnde vil nok kanskje skremma badenymfene meir enn torsken. Ein anna fiskesort som er på inntog i norsk farvatn er sverdfisken. I løpet av 1970-talet vart det berre registrert ein einaste sverdfisk, fire sverdfiskar vart observert i 2006 åleine

I tillegg vil ein varmare kyst også føre til vilkår for andre artar i oppdrettsnæringa. Østers og kamskjell er spådd som nye satsingsområde i oppdretten.

— Sjølv om endringar i sjøtemperaturen fører til mykje negativt for enkelte artar i det marine livet, vil altså nye kunne koma til. Me har berre sett starten, sluttar Sundby.

KOSAR SEG I VATNET: - Me plar ikkje starta badesesongen før godt uti juli, men i år er det varmt nok til å dukka seg litt før, smiler veninnene Benedikte Siglen (16) og Marielle V. Hansen (17).
Dolmen, Siv
VARMT NOK: - Det er ikkje kaldt i det heile tatt, kvitrar Isabell og Ariane Beüster. Her saman med mamma Silje Sagstad.
Dolmen, Siv