HILDE KRISTIN STRAND

Toåringen og familien var på Hallingskarvet Fjellbad då guten kom seg over i barnebassenget åleine. Der vart han funnen livlaus.

— Guten vart sist sett i plaskebassenget. Det var ein lege som tilfeldigvis var på staden som fekk han opp av vatnet og starta gjenoppliving, fortel lensmann i Hol, Torstein Seim.

Lensmannen seier guten kan ha lagt tre-fire minutt i vatnet. Ein annan badegjest som viste seg å vera sjukepleiar hjelpte òg til med gjenopplivinga.

— Guten vart funnen utan puls og pust, og var i følgje legen klinisk død då gjenopplivinga starta. Så det er ikkje tvil om at desse to gjorde ein veldig god jobb, seier Seim.

Guten vart først sendt til legesenteret i Hol og deretter til Haukeland sjukehus.

— Eg har snakka med faren i dag, og alt står bra til med guten. Han er utskriven frå Haukeland etter å ha lagt til observasjon der i natt, seier Seim.