VIDAR YSTAD

Oslo

I dag skal Stortinget behandle ein rapport som mellom anna handlar om sterk kritikk mot Forsvarsdepartementet for brot på den statlege avhendingsinstruksen for sal av eigedom.

Saka har fått eit nytt etterspel på grunn av aktivitet frå Forsvarsdepartementet etter at rapporten frå Riksrevisjonen låg føre.

Det siste i saka er at Riksrevisjonen har informert Stortinget om at Riksrevisjonen meiner avhendingsinstruksen må endrast om den politikken og tolkinga Krohn Devold og Meyer nå står saman om, skal fylgjast.

— Ikkje heldig

Leiaren i kontrollkomiteen på Stortinget Ågot Valle (SV), reagerer slik:

— Heilt uhørt. Riksrevisjonen er Stortingets kontrollorgan som skal føre tilsyn eller kontroll med forvaltninga. Då kan ikkje forvaltninga prøve med omkamp for å overprøve riksrevisjonen i etterkant.

Saksordførar i Stortinget, Kjell Engebretsen (Ap) reagerer mot det som har skjedd. Til Bergens Tidende seier han:

— Den nye tolkinga som dei to departementa har kome til, går ut på at «hovedhensynet i regelverket skal legges til grunn». Den er ikkje spesielt heldig ettersom instruksen er heilt klar og ikkje gjev rom for slik tolking. Og dersom nokon meiner at instruksen ikkje skal fylgast, får dei kome til Stortinget.

Engebretsen reagerer også mot at Høgre og KrF i innstillinga frå komiteen ønskjer å fortelje korleis Riksrevisjonen skal gjere jobben sin. Fredag 27. mai la Riksrevisjonen fram rapport for Stortinget om sal av forsvarseigedomar. I denne rapporten slo Riksrevisjonen fast at Forsvarsdepartementet gjennom Forsvarsbygg, braut avhendingsinstruksen ved å unnlate å halde takst på eigedomar som skulle seljast.

Under presentasjonen av rapporten i Riksrevisjonen 27. mai kom det fram at Forsvarsdepartementet hadde snudd, frå først å vere samd med Riksrevisjonen i tolkinga, til å gå imot Riksrevisjonen.

Toppmøte

Det korkje Riksrevisjonen eller andre på utsida visste då, var at Forsvarsdepartementet ikkje hadde tenkt å ta imot kritikken. Saka var sluttbehandla av Riksrevisjonen 25 mai, men kva konklusjonen ville bli hadde då i lang tid vore kjent for Forsvarsdepartementet. Fredag 27. mai hadde assisterande departementsråd Morten Tiller i Forsvarsdepartementet møte med departementsråd Karin Moe Røisland i Moderniseringsdepartementet om saka. Det opplyser Røisland til Bergens Tidende.

Her drøfta dei korleis avhendingsinstruksen var å forstå. Same dag sette Forsvarsdepartementet opp eit notat om saka og faksa det over til departementsråd Røisland for underskrift. Ho underteikna og returnerte notatet.

Stod saman

Riksrevisjonen har etter å ha blitt kjent med innhaldet i dette notatet, skrive brev til Moderniseringsdepartementet og teke til orde for regelendring dersom denne tolkinga skal fylgjast. Av brevet går det fram at Riksrevisjonen under arbeidet med saka har hatt kontakt med både Moderniseringsdepartementet og Statsbygg som begge har støtta oppfatninga til Riksrevisjonen.

Det må bety at også Moderniseringsdepartementet har andre oppfatning.

— Vi meiner denne praksisen er i strid med instruksen og at instruksen bør endrast dersom denne tolkinga blir ståande, seier revisjonsråd Bjørg Selås til Bergens Tidende.