Men ordvalet frå styreleiaren, advokat Rolf Johan Ringdal, er eigna til å så tvil om kor «godt forsvar» advokatfirmaet har for dei handlingane som hittil er blitt avdekka i Tønne-saka, i Breirem-saka og i Finance Credit-saka.

Spørsmålet er om ikkje forklaringane trekker advokatselskapet lengre og lengre ned i kvikkleira.

Ville ikkje svare

Ringdal ville ikkje svare på kvifor det var naudsynt for Tønne å nekte for at han hadde hatt oppdrag for Røkke, at han hadde fått honorar av Røkke og at han hadde teke opp millionlån hjå Røkke.

I går møtte tre advokatar frå firmaet pressa etter at dei hadde levert ei skriftleg orientering til Advokatforeningen. Torsdag skal hovudstyret i Advokatforeningen diskutere BA-HR-saka. Men allereie nå har Advokatforeningen konkludert med at det som er blitt kjent om forholda i BA-HR, har skada ikkje berre BA-HR, men heile den norske advokatstanden.

«Sjikanøse krav»

Mandag forklarte Ringdal kvifor det var naudsynt å kamuflere honoraret frå Kjell Inge Røkke til Tore Tønne. Dette vart gjort for å redusere faren for «grunnlause søksmål i utpressings hensikt i USA». Det var søksmål frå amerikanske arbeidstakarar som er råka av det kreftframkallande stoffet asbest, som fekk denne karakteristikken.

Reaksjonen på pressebenken kom raskt:

«Kvifor er det sjikanøst av amerikanske arbeidstakarar å fremje erstatningskrav medan det er aktverdig av BA-HR å løyne samanhengen?»

I forhold til direktør Kari Breirem som fekk sparken, var argumentasjonen at ho hadde drive utpressing mot advokatfirmaet og at ho hadde sjukmeld seg sjølv.

Det siste valde Ringdal å gå tilbake på etter å ha fått nærgåande spørsmål om kva han meinte med at ho hadde sjukmeld seg sjølv.

«Lurt opp i stry»

Når det gjeld BA-HR og BA-HR-advokat Ernst Ravaas si rolle i Finance Credit-saka, meinte styreleiar Ringdal å kunne hevde at «Ravnaas er blitt lurt opp i stry». På den måten skal BA-HR kome unna det ansvaret firmaet måtte bli belasta med i den famøse finansskandalen.

BA-HR har utarbeidd eit materiale som skal gje tilforlatelege forklaringar på det meste av disposisjonar firmaet har gjort i forholdet Tønne/Røkke. Ringdal tok likevel litt sjølvkritikk for behandlinga av fakturaen frå Tønne.

Ringdal hevda, slik firmaet har gjort før, at eit internt notat frå advokatfirmaet av 19. november i fjor om godtgjersle til Tønne Consult «diverre» inneheld fleire feil.

Røkke på vakt

I notatet heiter det mellom anna:

«Da Tore Tønne ble valgt som styremedlem i KVI (Kværner), orienterte Kjell Inge Røkke oss om de to uoppgjorte mellomværende med Tore Tønne (lånet og godtgjørelsen). Vår rettslige vurdering var at de to mellomværende ikke innebar at Tønne ville bli inhabil som styremedlem i KVI ved behandling av saker som gjaldt forholdet til Aker RGI eller AMA.»

Ringdal hevda at det som står her er feil, at det gjekk litt fort då notatet vart sett opp. Notatet er forfatta av Anders Eckhoff og Øyvind Eriksen, dei to advokatane i BA-HR som har hatt tettast kontakt med Røkke. Er det sannsynleg at advokatane har bomma på noko så sentralt som at Røkke reiste spørsmål om Tønne sin habilitet?

«Misforstått»?

Problemet for BA-HR er at det eksisterer eit notat med liknande innhald, forfatta av Kari Breirem 18. november og stila til Ringdal. Notatet har tittelen «Faktura Tore Tønne (Tønne Consult).

«Denne fakturaen skal belastes BA-HR fordi Tore Tønne (Tønne Consult) på det tidspunkt Kværnerprosessen gikk som hardest hadde utført et oppdrag for Aker RGI i den forbindelse. Det dreide seg om et suksess-bidrag for hans bistand i oppkjøpet av Kværner. Dette kunne ikke synliggjøres ved at Aker RGI betalte regningen direkte til Tønne Consult. Anders Eckhoff hadde da funnet følgende løsning for å skjule Tønnes inhabilitet: BA-HR skulle betale Tønne Consults faktura mot at BA-HR plusset på 1,5 mill. kroner på sin faktura til Aker RGI. Regningen til Tønne ble dermed betalt av BAHR. På denne måten skjulte man Tønnes rolle i overtagelsen av Kværner.»

Ringdal forklarar nå at Breirem har misforstått. Spørsmålet er då om advokaten til Røkke, Eriksen, også har misforstått. Av notatet frå Breirem går det nemleg fram at ho bygger på opplysningar ho har fått av advokat Eriksen 9. oktober.

Ein ny opplysning om den famøse «suksess-honorar-fakturaen» slapp advokatfirmaet ut i går: Formuleringa «delbetaling av suksess-honorar» var det Tønne som ynskte. «Han ville ikkje avskjere seg opninga for å kome med seinare krav» opplyste BA-HR-partnar Helge Olav Bugge.