— Overlevering av interne dokument frå BA-HR var eit sjølvstendig grunnlag for at hovudstyret i Advokatforeningen vedtok å reise disiplinærsak mot Thor-Erik Johansen.

Ny forklaring

Det seier nå formannen i Advokatforeningen, Helge Aarseth, til Bergens Tidende. Dette vart ikkje nemnt med eit ord då Advokatforeningen presenterte vedtaket sitt torsdag.

Først i går kom Aarseth ut med den nye forklaringa og det nye grunnlaget for disipinærvedtaket.

Det kan innebere at saka kan slå tilbake som ein bumerang mot Advokatforeningen.

Advokatforeningen har hausta massiv kritikk for at dei vedtok å innleie disiplinærsak mot Johansen utan å la han få uttale seg. Ankepunktet mot Johansen var ein påstand om at han hadde brote teieplikta i forhold til klienten sin.

- Hindre avdekking

Advokat Johansen reagerer med vantru når Bergens Tidende presenterer han for desse nye opplysningane frå Advokatforeningen:

— Dette er ei heilt ny forklaring frå Advokatforeningen. Torsdag forklarte formannen, Aarseth, at grunnlaget var at eg hadde brote teieplikta eg hadde i forhold til klienten min. Eg har dokumentert at det har eg ikkje gjort.

— Denne nye forklaringa inneber at Advokatforeningen faktisk vil hindre at kriminelle forhold blir avdekka, ved å straffe dei som avdekkar kriminelle forhold. Det er utruleg, seier Johansen.

Johansen opplyser at han ein gong tidlegare har gått til politiet då han kom over ein falsk legeerklæring.

— Det resulterte i ei straffesak. Eg ville ha gjort det same i dag. Eg meiner advokatar har plikt til å gå til politiet når dei kjem over noko dei meiner er kriminelle forhold, seier Johansen.

Ville hemmegelhalde

Aarseth nektar å opplyse noko om kva dei to representantane frå BA-HR sa då dei møtte i hovudstyret i foreninga for å prosedere saka si.

Men styreformannen i BA-HR, Rolf Johan Ringdal, opplyste sjølv i eit radioprogram torsdag kveld at han hadde gjeve uttrykk for at Johansen hadde gjort seg skuldig i brot på regelverket. Han meinte at foreninga måtte forfylgje dette.

Forlik

I går valde BA-HR å inngå forlik med den tidlegare direktøren i selskapet, Kari Breirem. Forliket omfattar også dottera til Breirem som fekk sparken frå jobb som kveldssekretær i BA-HR då mora fekk sparken.

Etter det Bergens Tidende har grunn til å tru, betalar nå BA-HR om lag ein million kroner til Breirem. Det blir også gjeve ein betydeleg kompensasjon til dottera.

Dette inneber at BA-HR har funne ut at firmaet var lite tent med å gå i retten med ei sak som ville bety rikeleg med ny negativ PR for firmaet.