Sjølv om det også i går var høve til å jakte på bjørnen, fellingsløyvet gjekk ut ved midnatt, gjorde leiar av jaktlaget, Norvald Bakken frå Jostedalen, det klart at det ikkje kom til å bli jakta i går ettermiddag og kveld.

— Vi gjennomsøkte heile Krundalen, og fann verken kadaver eller andre spor etter bjørnen. Så lenge vi ikkje har indikasjonar på kva veg han har teke, blir det veldig vanskeleg å drive jakt. Sjølv om vi kunne halde fram til midnatt, har vi avgjort å avslutte, opplyste Bakken til Bergens Tidende i går ettermiddag.

- Kanskje det beste

— Dermed blei det ikkje skote bjørn i Sogn i denne omgang?

— Nei, og det er vel kanskje også det beste, svarar Bakken.

Manngarden sist søndag er den største organiserte jakta etter at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gav det svært omstridde fellingsløyvet på rovdyret.

— Vi har hatt fire-fem stort organiserte jaktforsøk, men aldri med så mange personar involverte som sist søndag. I tillegg har det fleire gonger vore organisert mindre jaktlag, fortel jaktlagsleiaren.

— Trur du bjørnen har trekt vekk frå området?

— Det er neste uråd å ha noko sikker meining om, men ting kan vel tyde på det. Eg trur i alle fall ikkje han kan ha vore i Krundalen i går. Vi gjorde eit svært grundig søk i området.

Slått 15 sauer

Det er no meir enn 14 dagar sidan det vart sikkert slått fast at bjørnen har slått sau i Sogn og Fjordane. Ein av dei første dagane i juli blei det funne eit kadaver nær Tuftabreen på nordsida av Krundalen. Då blei det også funne sikre fotspor av bjørnen. Husdyret hadde blitt teke livet av nokre dagar tidlegare, i månadsskiftet juni/juli.

Den mykje omtalte bjørnehistoria tok til i Gaular siste veka i mai. To sauer blei funne drepne på Dregebø. Seinare har bjørnen teke livet av seks sauer i Fjærland og sju i Jostedalen, totalt 15 dyr. Andre helga i juni blei dyret dessutan observert av fleire personar i området ved Moskog aust om Førde sentrum.

Vetlefjorden?

— I tillegg er det også mistanke om at bjørnen kan ha drepe to gimrar i Vestlefjorden. Dei to fjorlamma blei funne av sauebonden. Men bjørn var ikkje i tankane hans, så han grov ned dei årsgamle søyene. Det var først då bjørnedrapa blei kjende gjennom avisene, at han tok til å tenkje på bjørn. I ettertid har vi sett foto, men dei bileta var så dårlege at vi ikkje kan seie noko sikkert, seier Sverre Tveiten, regionsansvarleg i Statens Naturoppsyn (SNO) i Sogn og Fjordane og Hordaland, til Bergens Tidende.

I SNO ønskjer dei ikkje å spekulere i om bjørnen har forlate Sogn og Fjordane.

— Det er veldig vanskeleg å ha noko meining om. Bjørn kan vandre veldig langt, og vi kan sjå konturane av ei rute som har gått frå Gaular i vest og nordaustover via Fjærland til Jostedalen. Men om han har halde fram i same retning, vil eg ikkje spekulere i. Vi har ikkje meldingar om sauedrap frå Oppland. Så han kan brått dukke opp att, seier Tveiten.