VIDAR YSTAD

Framlegget inneber for det første at partiet må la seg representere av ein som bur på Nesodden i Akershus. Det vekker undring hjå stortingspolitikarar frå andre parti i Rogaland, mellom desse Magnhild Meltveit Kleppa (Sp), tidlegare regjeringskollega med Høybråten. Ho seier til Stavanger Aftenblad at ho ikkje ser for seg at Høybråten skal delta på «våre benkemøter for å løyse Rogalands-saker».

«Unorsk»

Det er «unorsk» og det bryt med tradisjonane, ikkje minst i KrF. Der har ein berre eitt døme på ei slik «flytting»: Då Kåre Kristiansen, busett på Nesodden, vart plassert på Oslo-lista i 1981.

Avgjerda i nominasjonsnemnda var ikkje samrøystes. Representanten som er heimehøyrande på Karmøy, gjekk imot.

For det andre betyr det at nominasjonsmøtet i fylkespartiet blir redusert til eit reint sandpåstrøingsorgan:

Nedturen for Høybråten og partiet vil bli ekstra stor om nominasjonsmøtet skulle finne på å overprøve innstillinga frå nominasjonsnemnda. Nominasjonsmøtet har nok makt til det på papiret, men ikkje når det kjem til dei harde realitetane. Skadeverknadene ville bli for store. I ein slik samanheng må heller partidemokratiet vike.

For det tredje betyr framlegget at dei tankane visse sentrale KrF-politikarar i Rogaland har hatt om å overtale Einar Steensnæs til likevel å stille opp att, er effektivt stoppa.

Lok på

Nominasjonsmøtet til KrF i Rogaland tel om lag 170 utsendingar frå 26 lokallag. Fylkessekretæren i Rogaland KrF vil ikkje ut med tala for korleis desse utsendingane fordeler seg på dei ulike kommunane. Han seier til Bergens Tidende at han ikkje vil medverke til at media lagar reknestykke og spekulasjonar fram mot nominasjonsmøtet.

Vi er likevel blitt kjent med at Stavanger har 24 utsendingar, Karmøy som nest størst 14 og Haugesund ni.

Visse kjelder kan fortelje at stemninga mellom lokallagsleiarane skal ha vore 10-15 i favør av å setje Høybråten på topp.

Fylkessekretæren kan samstundes opplyse om at nominasjonsnemnda har gjort sine overslag om utfallet på nominasjonsmøtet på grunnlag av telefonmøte med lokallagsleiarane.

Det må i så fall bety at utsendingane møter med bunde mandat. Det er vel i tilfellet heller ikkje bra for partidemokratiet.

Mest sannsynleg kan lokallagsleiarane ikkje binde utsendingane. Og det er vel knapt truleg at alle utsendingane frå eitt lag vil tale med ei røyst.

Medhaug

Ved å plassere Høybråten på topp i Rogaland, oppnår dei som kjempa mot fylkesvaraordførar Jan Birger Medhaug i fjor, å hindre at han kjem tilbake i ei framskoten rolle som ordførar på Karmøy.

Mannen som i dag har denne posisjonen, Kjell Arvid Svendsen, har til nå vore blinka ut som kandidat til ein av dei to fremste plassane på stortingslista. Han er også leiar for fylkespartiet.

Mange KrF-tillitsvalde i Nord-Rogaland har ikkje heilt gjeve opp vona om at Svendsen blir den som skal erstatte Einar Steensnæs på Stortinget. Men det betyr i så fall at Høybråten må svi.