Men det trengst om lag to gigawattimar i året for å halda den svære maskinhallen frå 1906 oppvarma. Det tilsvarar kraftforbruket til om lag 100 husstandar, og blir forferdeleg dyrt.

Når nauda er størst er hjelpa nærast. Næraste nabo, ilmenittsmelteverket TTI (Tinfos Titan & Iron), tilbyr varmt spillvatn frå produksjonen. For at spillvatnet ikkje skal gå til spille har AS Tyssefallene investert seks millionar kroner i eit nytt fjernvarmeanlegg, der kraftstasjonen i nabolaget blir første kunde.

I særklasse

Sjølv om fleire millionar har trilla, er dette eit enøk-tiltak i særklasse. Fylkesordførar Gisle Handeland skal føreta den offisielle opninga av pionerprosjektet og setja det i drift komande tysdag. Norsk Vasskraft— og Industristadmuseum vil samstundes syna filmen «Hvem eier Tyssedal?», eit sterkt debattinnlegg då striden om nedlegging av aluminiumsfabrikken DNN (Det Norske Nitridaktieselskap) raste for 25 år sidan. Den kampen enda med at ilmenittsmelteverket vart bygt i staden.

45.000 skiferheller

Museet vil også feira at fase 1 i rehabiliteringa av kraftstasjonen er ferdig. 45.000 skiferheller er tekne ned frå taket, 8,7 kilometer med lekter og 1,4 mål papp er skifta ut, og alle takhellene spikra på att. Dessutan er 260 meter takrenner, 155 meter nedløpsrør og 130 meter mønebeslag skifta ut med nye i kopar.

Andre del av ei investering på 8,5 millionar kroner omfattar rehabilitering av 276 vindauge, skifting av 1.000 glasruter og omfattande mur-, puss- og målararbeid. Hordaland fylkeskommune og Odda kommune har løyvt ein million kroner kvar til det innvendige arbeidet.