Den nye arbeidsinnvandringa er «ei radikal endring i vilkåra både for lønsdanning og konkurransetilhøve», spesielt i byggebransjen, seier Dølvik.

Dølvik byggjer sine vurderingar av storleiken på arbeidsinnvandringa på statistikk frå UDI og Sentralskattekontoret for utanlandssaker, og på erfaringar om kor lenge arbeidsinnvandrarane blir i Noreg før dei reise attende.

Samla i få yrke

— 20.000 arbeidsinnvandrarar er ikkje så mykje i seg sjølv, meiner Dølvik. Men det spesielle er at mange av arbeidsinnvandrarane er samle i få yrke, og då først og fremst i byggebransjen.

Problemet er ikkje dei kring 10.000 arbeidsinnvandrarane frå dei nye EU-landa som kjem hit på eiga hand. Dei finn jobb sjølve, tek arbeid på norske vilkår og trugar ikkje det norske avtaleverket.

Utanlandske løner

Problemet er knytt til utanlandske firma som tek oppdrag her i landet. Etter EU-utvidinga kan dei ta med seg arbeidskraft heimanfrå til heimlege vilkår. Ei norsk bedrift som betaler norske løner vil ikkje kunne konkurrere i pris. Det er denne delen av arbeidsinnvandringa Dølvik meiner kan vere eit trugsmål mot det norske lønsnivået, og mot norsk bedrifter.

— Viss dette held fram vil den einskilde bedrift vere tent med å stille seg utanfor tariffavtalane, seier Dølvik.

Arbeidsinnvandring som trugsmål mot norske tariffavtalar har vore eit heitt tema i fagrørsla i fleire år.

Også mange småbedrifter i byggebransjen merkar konkurransen frå bedrifter med innleigd austeuropeisk arbeidskraft.

Å finne veljarar som er opptekne av temaet skulle ikkje vere vanskeleg.

Ikkje valkamptema

Dølvik trur ikkje det er råd å løyse utfordringa som arbeidsinnvandringa utgjer for fagrørsla og konkurranseutsette verksemder utan å innføre ei eller anna form for minsteløn for alle.

Men arbeidsinnvandringa har også ei anna side, som gjer at Dølvik tvilar på arbeidsinnvandringa blir eit valkamptema.:

— For norsk økonomi og for norske forbrukarar gir den ein gevinst. Det er vel det som gjer at partia er redde for å køyre dette for hardt, seier Dølvik.

Makteslause politikarar

Professor og valforskar Frank Aarebrot ved Universitetet i Bergen er samd.

— Dette høyrer til klassen av ting det er vanskeleg å gjere noko med, seier Aarebrot.

På grunn av den økonomiske samarbeidstalen (EØS-avtalen) mellom Noreg og EU skal det vere fri flyt av tenester over landegrensene. Det gir mellom andre polske bedrifter rett til å konkurrere om oppdrag her i landet og ta med sine eigne folk for å få arbeidet gjort.

På same vis har borgarar i EU- og EØS-land rett til å søkje arbeid i alle avtaleland.

Den som vil sette ein stoppar for arbeidsinnvandringa blir fort møtt med spørsmål om ho eller han vil seie opp EØS-avtalen.

Det einaste politikarane vil oppnå ved å diskutere arbeidsinnvandringa er å demonstrere si eiga maktesløyse, meiner Aarebrot.

— Det vil ikkje vere i politikarane si eiga interesse å gjere det, seier han.