• Tolmodet vårt er nå slutt. Forsvarsministeren får nå ei veke på seg til å rydde opp. Elles kjem vi med eit framlegg som er «relativt krystallklart».

Vidar Ystad

Dette seier Frp-formann Carl I. Hagen til Bergens Tidende. Bakgrunnen er den langvaringe striden i den mykje omtala personalsaka frå Forsvarets Overkommando der ein avdelingsdirektør fekk sparken etter først å ha blitt fråteken tryggingsklareringa.

I TV 2 torsdag uttala forsvarsminister Kristin Krohn Devold at Forsvaret er i forhandlingar med avdelingsdirektøren om å finne ei løysing.

Forsvaret med ultimatum

Men dette er ikkje rett. Dokumentasjonen i saka, som Bergens Tidende har tilgang til, viser tvert om at Forsvaret har stilt ultimatum til avdelingsdirektøren. Forsvaret vil diktere ei løysing for han som han er sterkt misnøgd med og som advokaten hans meiner langt frå oppfyller dommen.

Han har ein rettskraftig dom i ryggen som slår fast at oppseiinga var ugyldig og usakleg og at han difor har rett til å få jobben tilbake.

— Dersom avdelingsdirektøren ikkje i løpet av neste veke får ein underskriven avtale som han er nøgd med, vil vi fremje eit forslag i Stortinget som er «relativt krystallklart», seier Hagen.

- Avskilssøknad

Han vil ikkje utdjupe kva han legg i det. Men for eit snaut år sidan uttala Hagen at dersom staten tapte rettssaka som forsvarsminister Kristin Krohn Devold då hadde anka, ville det vere jamgodt med ein avskilssøknad frå forsvarsministeren.

Like før jul i fjor fann forsvarsministeren det mest fornuftig å akseptere dommen og trekke sin eigen anke. Dommen vart dermed rettskraftig. Sidan har det rast strid om oppfylling av dommen.

I ei juridisk utgreiing frå det konstitusjonelle kontoret i Stortinget blir det slege fast at det aldri med unntak for det lovlause tilstandane under andre verdskrigen har hendt at ei regjering ikkje har oppfyllt ein rettskraftig dom.