Dermed set ho sluttstrek for hemmeleghaldskremmeriet som forgjengarane i departementet, Høgre-statsrådane Victor D. Normann og Morten Meyer, praktiserte.

Det inneber at ho fylgjer tilrådingane frå Sivilombodsmannen som har kritisert nektinga av innsyn i søkarlister til viktige stillingar, etter lovendringa frå 1. januar 2001.

Stillinga som fylkesmann i Telemark vart ledig etter at tidlegare stortingspresident Jørgen Kosmo, som var utnemnt, trekte seg før han hadde tiltrådt, for i staden å bli ny riksrevisor.

I utlysingsteksten på stillinga som fylkesmann i Telemark heiter det nå:

«Ut frå prinsippet om open sakshandsaming når det gjeld stillingar av særleg stor offentleg interesse, må ein rekne med at namna på alle søkjarane vil bli offentleggjorde.»

— Eg har notert meg dette og syns det er positivt og i samsvar med dei prinsippa for ope innsyn som forvaltninga bør fylgje, seier sivilombodsmann Arne Fliflet til Bergens Tidende.

  • Det er også bra at det i forkant blir sagt så klart og tydeleg frå om prinsippa ein vil fylgje, legg han til.

— Vi er opptekne av å fylgje ei open line med størst mogeleg grad av innsyn. Dette er også nedfelt i regjeringsplattforma gjennom Soria Moria-erklæringa, seier statssekretær Wenche Lyngholm (SV) til Bergens Tidende.

Lyngholm seier at den nye leiinga i departementet ønskjer å fylgje tilvisingane som Sivilombodsmannen har kome med. Det gjeld å gje innsyn i søkarlister til viktige stillingar, og at dette blir opplyst i utlysingsteksten når stillingane blir kunngjort.

Hemmeleghald av søkarar har vore nytta som argument for å få fleire søkarar til slike stillingar. Men Lyngholm avviser at dette er eit gyldig argument i dag:

— Vi har gjort ei vurdering og ei avveging her. Vi ønskjer å signalisere at innsyn er ein viktig verdi i seg sjølv ved rekruttering til slike stillingar.

— Dette er gledeleg og kan vere eit signal om at vi nå har fått ei meir offentlegvenleg regjering. Ikkje minst på dette området, som er svært vanskeleg, og der praksis har variert svært mykje, er det fint å få ein klargjerande ny praksis, seier Nils Øy, generalsekretær i Norsk Redaktørforening, til Bergens Tidende.