Å bli fråteken fullmaktene sine er langt på veg det same som å bli stempla som inkompetent. Det er «døden» for ein statsråd som då blir fråteken både ære og autoritet.

Men så langt er det ingenting som tyder på at statsminister Kjell Magne Bondevik eller Kristin Krohn Devold gjer noko for å hindre at dette skjer.

Bondevik sitt ansvar

Mange opposisjonspolitikarar har i lang tid gjeve uttrykk for at det er Bondevik sitt ansvar å rydde opp og sørge for at landet får ein forsvarsminister som ikkje møter bastant mistillit i Stortinget.

Mange av desse politikarane er forundra over at ikkje Krohn Devold sjølv har bede om å få avløysing, i erkjenning av at ho er ein klamp om foten for Regjeringa og regjeringspartia.

Men fleire signal Bergens Tidende har fått, tyder på at statsråden manglar sjølvinnsikt. Når spørsmål om den vanskelege situasjonen kjem opp, svarar ho, ifylgje gode kjelder, at det er uproblematisk og at ho har full kontroll.

At vi har ei koalisjonsregjering gjer at utskifting av statrådar er meir problematisk enn md ei eit-parti regjering. Få er i tvil at om statsråden for lengst ville ha blitt skifta ut om det var Ap som sat med regjeringsmakt.

Utskifting av forsvarsministeren vart også vanskeleggjort etter at først Jan Petersen og sidan Erna Solberg rykka sterkt ut til fordel for partifellen. Det gjorde handlingsrommet for Kjell Magne Bondevik mindre, om han skulle ynskt eit byte.

Ville ofre Krohn Devold

Men Bergens Tidende har grunn til å tru at både Erna Solberg og Kjell Magne Bondevik var innstilt på å la forsvarsministeren få avløysing då presset frå Stortinget var på det sterkaste i februar i år.

Då trykket frå Stortinget avtok, vart det ikkje akutt behov for å la øksa falle. Sidan har det blitt meir og meir tydeleg at opposisjonspartia er så opphengt i tankar og overlegningar omkring det tilstundande valet at dei vik tilbake frå disposisjonar som kan skape krisestemning eller regjeringskrise.

Ap, SV og Sp veik tilbake frå å fylgje Frp då partiet fremja mistillitsframlegg mot Krohn Devold i Stortinget 5. april.

Sidan veik Ap tilbake frå å fylgje opp pålegget som heile opposisjonen sto saman om overfor Regjeringa i spørsmålet om kontroll med økonomien i Forsvaret.

Bondevik har etter det kunna lene seg tilbake i visse om at det ikkje er noko stortingsfleirtal for mistillit. Dermed har han kunna setje hardt mot hardt.

Dermed utfordrar han opposisjonen ved på ein måte å gjere den til lått: dei nyttar store ord, men er ute av stand til å fylgje opp i praktisk politikk.

Taktiske overlegningar

Bergens Tidende er kjent med at det har vore diskusjon og overlegningar i fleire opposisjonsparti om kva som ville vere mest gunstig reint taktisk: å felle regjeringa og kome i posisjon, eller la det vere.

Mange har tenkt at det ville vere mest naturleg at Ap og Jens Stoltenberg skipa ei mindretalsregjering som fekk sitje fram til valet om Bondevik fall eller kasta korta.

Det er ei utbreidd oppfatning at Ap ville kunne vere tent med å innta regjeringskontora nå. Det gjev ein unik maktbase å innta regjeringskontora så kort tid før valet — og samstundes vere utan ansvar for alt som måtte vere klanderverdig.

Det ville også hindre at Bondevik-regjeringa, etter eit valnederlag, fekk høve til å legge att snubletrådar gjennom det nye statsbudsjettet, som det er tradisjon for å gjere.

Stoltenberg skal ha vore skeptisk til dette, dels avdi han ikkje ynskjer å forkludre forholdet til SV og Sp fram mot valet, dels avdi det ville bety at mange statsrådar vart sitjande som «sommarvikarar» og så måtte ut til hausten, etter valet.

Etter det Bergens Tidende har grunn til å tru, har ikkje minst SV vore svært skeptisk til å la Ap innta regjeringskontora åleine nå.

Eit felles halmstrå

Så seint som i går var Ap sin saksordførar i Kontrollkomiteen, Kjell Engebretsen, ute og presiserte at framlegget om å ta fullmaktene frå Kristin Krohn Devold, ikkje er eit mistillitsframlegg.

Statsministerens kontor greip den ballen:

— Så lenge Kjell Engebretsen uttalar at det ikkje er eit mistillitsframlegg, tolkar heller ikkje vi det som mistillit, seier politisk rådgjevar, Øistein Mjærum, ved SMK til Bergens Tidende.

Og slik blir det.

Eit framlegg som inneber mistillit i innhald, men ikkje i form, får ingen konsekvensar.