Nordli åtvarar mot «stortingsregjereri»:

— Ein kan meine kva ein vil om dette såkalla barnehageforliket. Sjølv om siktemålet er positivt, inneber det at Stortinget har teke svært sentrale politiske spørsmål ut av hendene på Regjeringa.

— Likar du det?

— Nei, eg gjer ikkje det. Over tid utviklar det ein situasjon som sentrale politikarar må ta ansvar for å rydde opp i. Stortinget kan fatte vedtak, men dei praktiske utformingane bør overlatast til regjeringa som så kan kome tilbake til Stortinget med det.

Nordli har mange døme på uheldige utslag av at Stortinget har overteke styringa og dirigerer Regjeringa:

— Eg minnest ein gong at Fiskerikomiteen konstruerte ei ny redningsskøyte. Det var vel og bra det, det var berre det at fartøyet flaut ikkje, seier Nordli.

«Feil ordbruk»

Willoch er minst like kritisk. Han vil innføre ei nyordning som gjev regjeringa rett til å nekte å sanksjonere lovvedtak i Stortinget.

— Mindretalsparlamentarismen vår treng reparasjon, seier Willoch (H) til Bergens Tidende.

— Eg er ganske skuffa over at politikarar som er klar over dei balanseproblema vi har, likevel støttar utgiftsauke med den grunngjevinga at dei vil ha høgare skattar, seier Willoch.

Willoch strekar under at han er «veldig for å bygge mange barnehagar og billigare barnehagar». - Problemet er å gjere det fortare enn det som er økonmisk forsvarleg.

Han viser til at Noreg har hatt ein høgare kostnadsauke enn konkurrentane i 6-7 år

Willoch går i rette med Ap-leiar Jens Stoltenberg sin ordbruk om at Regjeringa legg opp til «å kaste korta».

— Dette er heilt feil ordbruk. Ei mindretalsregjering må ha høve til å setje foten ned om ikkje stortingsfleirtalet vil forstå og ta konsekvensen av overforbruk. Eg meiner det nå trengst å gjeninnføre høvet for Regjeringa til å nekte å sanksjonere lovvedtak. Eg trur det vil verke disiplinerande på Stortinget. Eg er overtydd om at det er lettare for stortingsfleirtalet å røyste ned Regjeringa om ho tyr til kabinettspørsmål enn å kaste ei regjering ved å tvinge fram bruk av mistillitsframlegg, seier Willoch.

Plikt til å stå imot

Willoch rår Regjeringa til å stå fast og halde igjen:

— Dersom Regjeringa aksepterer eit uansvarleg revidert budsjett nå, er det ein invitasjon til å ta imot «meir av det same» i neste omgang. Regjeringa har difor plikt til å stå imot, seier Willoch.

Han meiner opposisjonen nå opptrer uansvarleg ved å ville innføre budsjettbehandling to gongar i året. Under behandlinga av revidert budsjett, vil ein ha omkamp om det ein ikkje fekk igjennom under den ordinære budsjettbehandlinga.

— Det politiske systemet vårt har vore modent for revisjon lenge. Det er nå 40 år sidan vi har hatt ei regjering med eit stabilt fleirtal bak seg i Stortinget, seier Nordli.

Nordli er, som Willoch, oppteken av at Regjeringa får styrka seg i forhold til Stortinget. Han er ikkje overtydd om at Willoch sitt framlegg vil ha effekt.

— Eg trur ikkje det vil endre hovudproblemet med å få styringsdyktige regjeringar. Det endrar seg ikkje før fleire parti har lært seg samarbeidets edle kunst, seier Nordli.

Sjølv er Nordli forundra over at Regjeringa har gått så langt i å diskutere sin egen avgang, som det ein nå har opplevd.

— Regjeringa har gått langt i å stille kabinettspørsmål gjennom pressa. Eg forstår at medietrykket er stort, og at mangt har endra seg sida mi tid i poliitikken. Men ein stad går det ei grense. Av og til er det naudsynt for politikarar å halde kjeft, seier Nordli.