VIDAR YSTAD

Oslo

I går kunne Bergens Tidende avsløre at forsvarsministeren og forsvarssjef Sverre Diesen har planar om å plassere flaggkommandør Elisabeth Natvig i jobben som stabssjef i den nye Fellesstaben direkte under forsvarssjefen.

Natvig er sambuar med Diesen. Han overtok som forsvarssjef 1. april. Natvig stadfesta sjølv overfor BT at ho er kandidat til stillinga.

Forsvarsminister Kristin Krohn Devold vil ikkje kommentere det materielle innhaldet i saka.

«Gymnastiske øvingar»

Forvaltningsekspertane, professor Jan Fridthjof Bernt ved Universitetet i Bergen og professor Eivind Smith ved Universitetet i Oslo, meiner begge at ei slik utnemning vil skape problem:

— Tilsettingsforholdet vil vere problematisk, men det kan la seg løyse med diverse «gymnastiske øvingar». Ein må då vere ekstremt nøye med korleis ein fattar avgjerder, seier Bernt til Bergens Tidende.

— Alle som er underlagt forsvarssjefen, vil vere ugilde til å behandle saker som gjeld sambuaren hans.

Inhabilitetsreglane i forvaltningslova gjeld ikkje berre enkeltvedtak som blir fatta. Dei vil også omfatte alle typar avgjerder som rører ved sambuaren sine interesser. Forsvarssjefen personleg må koplast vekk frå alle slike saker. Ingen av forsvarssjefen sine underordna vil kunne gje uttale eller innstilling i slike saker. Ein må lage eit apparat på sida av forsvarssjefen. Dei som er underordna forsvarssjefen, kan eventuelt førebu sakene for departementet.

- Forstandig?

Bernt meiner at ein kan reise spørsmålet om kor forstandig det er å setje seg i ein slik posisjon gjennom ei utnemning der offiserar som får med forsvarssjefen eller sambuaren å gjere, samstundes lever i eit system som er prega av sanksjonar og belønningar når det gjeld karriereutvikling.

Men Bernt vil ikkje uttale seg om kor klok ei slik plassering vil vere.

Professor Smith har denne reaksjonen:

— Ein slik konstellasjon vil kunne skape problem. Ei side ved dette er dei strikt inhabilitetsmessige slik dei framgår av lovverket. Det er viktig å hugse på at habilitesspørsmålet må vurderast konkret i den einskilde saka. Det kan tenkjast at forholdet kan få verknadar på faglege tilrådingar i etaten som kan bli farga av at det eksisterer eit slikt forhold. Ein kan i denne samanhengen ikkje sjå bort frå at presitisjemessige omsyn kan spele inn.

- Ikkje veldig klok

— Det andre er korleis det verkar utetter i forhold til omverda med ein slik konstellasjon. Det kan bli reist spørsmål ved arbeidet og vurderingane i det daglege arbeidet. Dessutan er nepotisme (favorisering av nærståande ved utnemningar) blitt nemnt. Slike mistankar kan vere ugrunna, men er vanskeleg å verge seg mot.

— Alt i alt verkar ikkje ei slik utnemning veldig klok, seier Smith.

— Utnemningar skjer alltid på bakgrunn av kvalifikasjonane til den einskilde, seier forsvarsminister Kristin Krohn Devold til Bergens Tidende. Det er det einaste statsråden vil seie om saka.

Forsvarsdepartementet ba i mars i år Lovavdelinga i Justisdepartementet vurdere habilitetsspørsmål knytt til sambuarforholdet mellom forsvarssjefen og flaggkommandøren.

Problematisk innsyn

Vurderinga frå Lovavdelinga låg føre ein månad seinare. BT har fått tilgang til vurderinga. Den underbygger at det skal atskillig omtanke til for å kunne handtere ei rad saker i forsvarsleiinga dersom forsvarssjefen sin sambuar organisasjonsmessig kjem endå tettare forsvarssjefen enn hittil.

Brevet frå Forsvarsdepartementet vart hemmeleghalde i Forsvarsdepartementet, men er etter krav frå BT frigjeve. Svaret frå Justisdepartementet finst ikkje i den elektorniske offentleg tilgjengelege postjournalen i Forsvarsdepartementet. Men departementet forsikrar at svaret er journalførd i den interne postjournalen.

— Eg kjenner saka berre frå Bergens Tidende og vil vere varsam med å trekke bastante konklusjonar. Men eg føreset at forsvarssjefen er varsam med å tilsetje nokon som er nært knytt til han, eksempelvis sambuaren, i eigen stab, seier leiaren i Forsvarskomiteen på Stortinget, Marit Nybakk (A) til Bergens Tidende.

— Nå er det også på tide at organisasjonane i Forsvaret blir trekt inn og får høve til å uttale seg i tilsettingssaker i samsvar med avtaleverket, seier Nybakk.