Alltid trøytt, alltid svimmel, alltid kvalm og med konstant hovudverk. Åshild Agas mareritt begynte i 1996.

— Eg var så dårleg at eg prøvde alt.

Skulemedisin, fotsoneterapi, kinesiologi, tarmskylling, og til og med ein hårtest til 2000 kroner. Eg prøvde biopat, homeopat og andre pat'ar. Så mange at eg ikkje hugsar lenger, seier Aga til BT.

Så las ho ein stad at utskifting av amalgam kan hjelpe mot slike helseplager. I 1999 begynte ho å skifte ut dei gamle fyllingane i munnen. Éin kvar sjette veke, nitten totalt. Det tok nesten to år og 14.000 kroner.

- Greitt å ha gjort det

I 2002 begynte ho å føle seg betre, og i dag er ho frisk. Men Aga tvilar på at det skuldast alle tannlegebesøka.

— Eg trur ikkje det. Eigentleg trudde ikkje tannlegen min på det, heller. Eg er blitt betre, men anar ikkje kva som har hjulpe meg, seier ho.

— Føler du at det berre var tull å skifte ut fyllingane?

— Vel. I ettertid er det veldig greitt å ha gjort det. Vi veit jo at det er kvikksølv i amalgam, og psykisk følest det godt å vete at eg ikkje har dette stoffet i munnen. I min alder må ein dessutan skifte ut fyllingane før eller seinare likevel, seier 47-åringen til BT.

Krev tid og råd

— På den andre sida: Dei fyllingane eg har i dag er samansett av langt fleire stoff enn amalgam. Det finst sikkert dei som reagerer på slikt også.

— Vil du anbefale andre å gjere som deg?

— Nei, eigentleg trur eg ikkje at folk flest har så vondt av amalgam. Men hvis ein tenkjer mykje på det, er det greitt å gjere noko med det, seier Aga.

— Men du må ha tid og råd. For mange kan det dessutan bli tøft å gå så mykje til tannlegen. For dei fleste er éin gong i året ofte nok. Psykologiske faktorar

— Nokon føler seg friskare etter å ha skifta ut fyllingane, mens andre blir dårlegare, seier spesialtannlege Gunvor Bentung Lygre i Bivirkningsgruppen.

— Men vi veit ikkje om dette skuldast psykologiske faktorar, eller om det har forklaringar som vitskapen enno ikkje har klart å finne. - Kan det vere innbilling? - Det kan det, men hos mange varer betringa lenga. Det kjem også an på kor innstilt pasienten sjølv er på å skifte fyllingar. Innstillinga gjer noko med personen, slik at vedkommande føler seg betre, seier Bentung Lygre.

Ho understrekar at desse pasientane ikkje er hypokondarar, men faktisk er sjuke og må takast på alvor.

— Helseplagene kan ha andre årsaker enn kvikksølvforgifting. Det kan også vere at nokre av pasientane er svært sensitive overfor amalgam, men at vi i dag ikkje har vitskaplege testar som kan peike ut den gruppa som eventuelt reagerer på dette stoffet.

Nye retningslinjer

Bruken av amalgam som tannfyllingsmateriale skal avgrensast. 1. juli trer nye retningslinjer i kraft.

Dette er uttrykk for ei «føre var»-haldning Sjølv om det ikkje finst forsking som påviser samband mellom amalgam og helseskader, veit vi at amalgam inneheld femti prosent kvikksølv.

Av hensyn til miljøet og folks helse ønskjer helsedirektoratet derfor å avgrense bruken.

UTAN AMALGAM: For nokre år sidan skifta Åshild Aga ut all amalgam i tennene. Nitten tannlegebesøk og 14.000 kroner seinare er ho likevel ikkje overbevist om at dette er årsaka til at ho i dag er blitt frisk.<p/>FOTO: JAN M. LILLEBØ