«Svært urimelig», «svært nedverdigende», «svært kritikkverdig». Med desse karakteristikkane stemplar Arbeidstilsynet den behandlinga Owe Ellingsen har fått av Forsvaret som arbeidsgjevar.

Frisvold og Devold

Kritikken råkar forsvarssjef Sigurd Frisvold direkte. Den råkar også forsvarsminister Kristin Krohn Devold, som fleire gongar har måtta svare for seg om saka, dels i Stortinget, dels i ei open høyring i Kontrollkomiteen. I tillegg har ho måtta svare for seg i pressa.

Saka kjem i dag opp att i Kontrollkomiteen på Stortinget.

Både forsvarssjefen og statsråden lova i vår at Ellingsen skulle få ein ny, viktig jobb på høgt nivå som avdelingsdirektør.

Knappe to månadar etter at han hadde begynt i den nye jobben i september, fekk han melding om at han var overtallig.

«Svært uheldig prosess»

«Paradoksalt nok har OE nå mottatt melding om mulig overtallighet. Dette synes for oss å være fortsettelsen på en langvarig og svært uheldig prosess, og kan vanskelig ses på som en naturlig oppfølging av Forsvarets intensjon om å rehabilitere OE», skriv Arbeidstilsynet.

Ellingsen vart langvarig sjuk som fylgje av den behandlinga han vart utsett for. Arbeidstilsynet skriv nå at «det kan se ut som at arbeidsgivers håndtering av saken har vært med på å forsterke OEs sykdomsbilde».

Ellingsen vart skvisa ut frå jobben sin som avdelingsdirektør etter meir enn 35 års teneste i Forsvaret. Han vart fråteken tryggingsklareringa og sidan sagt opp. Han gjekk til sak og vann i retten etter at Stortinget sitt kontrollutval for dei hemmelege tenestene fleire gongar hadde retta ramsalt kritikk mot behandlinga i Forsvaret og Forsvarsdepartementet.

Ellingsen har i haust fått tryggingsklareringa tilbake.

«Systematisk»

Arbeidstilsynet sammanfattar saka med at det har «vært en systematisk og langvarig uheldig adferd fra arbeidsgiver mot en arbeidstaker».

Arbeidstilsynet har drøfta saka med Oslo politidistrikt i haust, med tanke på å melde Forsvaret til polititet for brot på arbeidsmiljølova.

Ut frå ei heilskapsvurdering har Arbeidstilsynet kome til at ein likevel ikkje vil melde Forsvaret til politiet, sjølv om det «utvilsomt» hadde vore ynskjeleg. Konklusjonen er trekt ut frå omsynet til Ellingsen, avdi han har lidd meir enn nok, og at ei ny sak ville påføre han ytterlegare belastningar.

Forsvarssjefen har nå fått varsel om pålegg frå Arbeidstilsynet for å sikre at Ellingsen blir sikra arbeid på adekvat og forsvarleg måte.

Forsvarssjefen må også lage retningsliner som sikrar at ein arbeidstakar som blir fråteken tryggingsklareringa, eller kjem under gransking, blir forsvarleg behandla.