• Euroen er ein dårleg idé, som er med å halde arbeidsløysa høg i Euro-land og gjer det vanskeleg å få mange fleire i varig i arbeid i Noreg. Eurosystemet vil bryte saman, meiner Ola Honningdal Grytten, ekspert på økonomisk historie.

— Eg trur euroen medverkar til høg arbeidsløyse i dag, seier Ola Honningdal Grytten.

Professor i økonomisk historie ved Norges Handelshøyskole meiner følgjene av euro`en - EU sin felles valuta - kan samanliknast med den illgjetne gullstandarden som regulerte valutakursane i tida før og etter første verdskrigen.

Gullstandarden førte i mellomkrigstida til ein politikk som skapte arbeidsløyse. Den fekk mykje av skulda for massearbeidsløysa og den økonomiske nedturen som mellom anna gav vekstvilkår for nazismen.

Ein felles EU-valuta tek på same vis som gullstandarden ikkje omsyn til dei store økonomiske skilnadene mellom EU-medlemane. Systemet er for stivbeint.

Bremsar veksten

Resultatet av euro-en er at alle fører same politikk for å nå avtalte mål om prisstigning og offentleg forbruk. Det gjer at land som burde stimulere økonomien med låg rente og offentlege investeringar, bremsar. På denne måten kan den økonomiske veksten i viktige land som Tyskland og Frankrike verte svekt, og arbeidsløysa halden høg, til sorg for mellom andre norsk turistnæring og eksportindustri.

— Eg trur eurosystemet kjem til å bli modifiserte i mange retningar og til slutt vil det, som alle store valutasystem, falle saman, seier Grytten.

Styrer norsk arbeidsløyse

Sett frå norsk side vil eit slikt samanbrot vere like greitt, fordi Grytten meiner det er uråd for Noreg å halde arbeidsløysa her heime på eit vesentleg lågare nivå enn EU over lang tid.

Til det er den norske økonomien for tett samanvoven med utviklinga i Europa.

— Så lenge vi deltek i ein internasjonal økonomi, kan vi ikkje rekne med at vi over tid kan ha veldig mykje lågare arbeidsløyse (i Noreg enn i utlandet), seier Grytten.

Ein biverknad av ein meir internasjonal arbeidsmarknad er at vi får ei ny gruppe lågtlønsarbeidarar i Noreg: arbeidsinnvandrarar for dei nye EU-landa som tek dei dårleg betalte jobbane nordmenn ikkje vil ha.

Nord-Korea

Men er det stemning for å snu utviklinga?

Grytten trur ikkje det.

Fram til 70-talet hadde vi ein meir isolert økonomi, med større kontroll av kapitalmarknaden og større statleg styring av økonomien. Dette var med på å halde arbeidsløysa nede. Staten styrte økonomien for å halde hjula i gang og sikre arbeidsplassane.

Gevinsten ved å opne opp for internasjonale marknadskrefter har vore høgare velstand.

I dag kan du til dømes kjøpe billege klede frå Kina og bruke pengane du sparer på andre ting. Det kunne du i mykje mindre grad gjere då Noreg hadde sin eigen store tekstilindustri.

Men prisen for internasjonaliseringa var eit meir konkurranseutsett næringsliv - og dermed høgare krav til effektivitet og lågare kostnader, som har ført til høgare arbeidsløyse.

Grytten tvilar på at det er stemning for å isolere seg på nytt. Dei økonomiske konsekvensane ville svi for mykje meiner han:

— Vil vi ha ein nordkoreansk økonomi, kan vi gjere det.