— Det er ingen grunn til å friskmelde arbeidsmarknaden enno, seier statssekretær Lars Arne Ryssdal, etter å ha sett arbeidsløysetala frå Aetats for desember.

Dei viser at det var 4314 fleire heilt ledige ved utgangen av desember i høve til månaden før. Auken kom etter at arbeidsløysa gjekk ned både i oktober og november.

Samla sett auka likevel arbeidsløysa i fjor med 12.000 personar, til 4,7 prosent av arbeidsstyrken. Då er folk på tiltak inkludert.

Trass veksten ser likevel ikkje alt svart ut. Medan arbeidsløysa har auka kraftig dei siste to åra, flata ho ut på slutten av fjoråret. Det viser ei analyse DnB Markets har gjort av dei sesongjusterte arbeidsledighetstala.

Desse tala viser at talet på heilt arbeidslause held seg stabil på fire prosent de siste fire månadene i fjor. Tar ein med folk på tiltak var 4,7 prosent av arbeidstyrken utan vanleg arbeid.

Medan Sogn og Fjordane var blant fylka med størst auke i arbeidsløysa dei siste tre månedene i fjor, var nedgangen størst i Hordaland og Finnmark.

Tre prosent av arbeidsstyrken var heilt utan arbeid i Sogn og Fjordane ved utgangen av desember, fire prosent i Hordaland. Landssnittet var 3,9 prosent (ikkje sesongjustert).